Superhelt-MOBA går av med døden

Infinite Crisis hadde ikkje superkrefter nok for å overleve.

Den store gullkua for spelindustrien akkurat no er MOBA-sjangeren. Mange har gjort stor suksess med å tilby spel som har gratis inngangsbillett, men der du kan bruke pengar på å kjøpe til dømes kosmetiske endringar, eller tilleggsutstyr.

Eit av dei ferskaste MOBA-spela på marknaden er Infinite Crisis frå Turbine og Warner Bros.. I dette spelet får du velje mellom ei lang rekke superheltar frå DC Comics, som til dømes Catwoman og Batman.

Kort levetid

Superheltane hadde ikkje det som skulle til.
Superheltane hadde ikkje det som skulle til. Bilde: Warner Bros.

Infinite Crisis blei lansert så seint som 26. mars, men allereie no, knapt to månader seinare, har utviklarane bestemt seg for å stenge spelet. Det kjem fram av eit foruminnlegg frå utviklarane hos Turbine. Siste dag for Infinite Crisis blir 14. august.

Kvifor spelet blir avretta gjev ikkje Turine nokon grunn for. Det einaste dei fortel er at det var ei svært vanskeleg avgjersle å ta.

Med tanke på kor mange MOBA-spel vi har å velje mellom akkurat no, er det likevel ikkje vanskeleg å tenkje seg at Infinite Crisis enkelt og greitt ikkje hadde det som skulle til for å freiste spelarar vekk frå konkurrentane.

Det aller ferskaste MOBA-spelet akkurat no er Blizzards Heroes of the Storm som blei lansert denne veka. Der får du velje mellom ei lang rekke figurar frå Blizzards lange spelhistorie.

Kommentarer (6)

Forsiden akkurat nå

Til toppen