Anmeldelse

Superman Returns

Nokre gongar får eg behov for å grine. Å kjenne tårer renne nedover eit ubarbert og slitent ansikt virker som det einaste rette etter det eg nett har opplevd. Eg er som Tom Hanks i Cast Away, sliten og mager. I visse stunder kan det verke som om livet ikkje har noko glede å by på. Som om du konstant blir slått tilbake av ein stålhard neve som vil deg alt vondt, uansett kva du gjer for å løfte din eigen livskvalitet. Eg er mørbanka og mishandla. Eg ligg i rennesteinen med åpne sår, og blir nok aldri den same igjen. Like raskt som eit spel kan gi deg trua på liv i det ytre rom, kan det ta alt frå deg, og tvinge deg til å innsjå at ingenting, ingenting er så bra som du trur.

Det er noko med å fly over Metropolis som gir meg ei viss glede. Du får det umiddelbare inntrykket av at "hey, dette var saker". Det er før du innser at det er alt av glede du får. Og den varer ikkje lenge. Så snart den sanne naturen til Superman Returns viser seg, innser du at til og med det å fly som ei kanonkule raskt blir ein grunn til frustrasjon og sinne. Sidan Supermann kan fly som fuglen vel eg å dra ei litt søkt samanlikning; Superman Returns er like kompetent på å underhalde, som ein flokk smellfeite duer hadde vore om dei bestemte seg for å gå til angrep på ein bil. Ikkje pent.

Skyt meg heller i leggen

Det er like godt å få det ut først som sist; Eg hatar Superman Returns. Det er ein fullstendig bortkasta produksjon som ikkje lev opp til det det kunne ha vore på nokon måte. Det stiller seg galant inn i rekka av makkverk basert på filmar og superheltar, og det trivst veldig godt der. Ved nærmare ettertanke trivst det så godt at det sleng seg ned i godstolen, og klør seg i skrittet før det slepp ut ein rungane rap. Det er imponerande at ingen har sett kor ille dette kom til å gå. Det er direkte sjokkerande at spelet ligg på hyllene, for bortsett frå det å fly som fuglen, er det absolutt ingenting i Superman Returns som fungerar.

Eg vil anta at Superman Returns er basert på filmen med same namn. Eg antar dette fordi spelet har så lite med filmen å gjere at det blir ganske komisk. Du blir riktignok presentert for Lex Luthor og andre kjenningar frå filmen gjennom nokre ganske slappe og uinteressante mellomsekvensar, men det stoppar der. Lex Luthor viser seg nemlig aldri i sjølve spelet. Om Lex Luthor er Supermann sin store fiende i dette spelet, er det ganske uforståeleg at Supermann heller brukar all si tid på å denge laus på blikkboksar og mutantdragar. Om igjen og om igjen og atter om igjen.

Det er vanskeleg å bestemme seg for kvar ein skal byrje når ein skal rive dette spelet til fillebitar. Det er så mange ting å ta tak i at eg sikkert kunne skrive ei doktorgrad om det. Eg seier som Rikku i Final Fantasy X: "Nokre gongar, når eg har mykje å tenke på, hjelper det å seie aaaahh!"

Som sagt fungerar flyginga ganske bra, og kan nok underhalde deg i omlag ti sekund. Supermann flyr som den helten han er, og du kan få han til å skyte fart ved eit enkelt knappetrykk. Hald inn denne knappen lenge nok, og han bryt lydmuren som berre Supermann og høgteknologiske jetfly kan. Denne flyginga vil uansett dessverre gå deg på nervane ganske kjapt. Metropolis er ein enorm by. Sannsynlegvis den største i eit spel så langt, og når spelet er av ein såkalla åpen natur – der du må fly rundt for å finne trøbbel – blir det akkurat det; trøbbel.

Mitt kongedøme for eit kompass

Så snart du har hamla opp med nokre hermetiserte tomskallar, må du fly opp, sjå deg rundt, og fly rundt inntil eit eller anna symbol blinkar på skjermen. For å finne ein ny av desse ufatteleg givande kampane treng du berre å følgje desse røde eller grøne symbola, og den såkalla moroa er i gong. Problemet her er at du ofte endar opp med å fly fram og tilbake som ein anna tulling utan at noko skjer. Det er riktignok ganske solide kontrollar på Supermann sine jetmotorar, men hallo. Det kjem eit punkt der du blir lei av å fly fram og tilbake, i det som kjennest som dagar i di meiningslause jakt på skrapmetall.

Nå du endeleg kjem fram til dette radioaktive avfallet som befestar byen du held kjær, er det berre ein ting som gjeld; Denge laus til dei eksploderar, for så å gå vidare til neste offer. Dette kunne ha vore underhaldane, om det hadde fungert. Gledeleg nok for ein skribent som nesten ser raudt, fungerar det ikkje i det heile tatt. Du kan visstnok låse deg på fiendar, men akkurat denne låsen fungerar kun når den selv vil. Om du greier å låse deg på noko er ei sak, men om du held deg låst fast i midten av ein kamp er noko heilt anna.

Supermann har lett for å berre fly rett forbi det han har låst seg fast til. Ein skulle tru Garrett frå Thief-serien hadde vore på farten med knipetang. Du kan med andre ord ikkje stole på denne funksjonen på nokon som helst måte. Ikkje ein gong når du skal kaste bilar på eit levande stillas fungerar det. Som sagt, låsen gjer som den vil, og fungerar når den vil. Som regel ikkje når det er mest nødvendig.

Kampen i seg sjølv er ei total katastrofe. Om du ikkje vil at Metroplis skal bli jamna med jorda før du har dengt ferdig, er du nødt til å benytte deg av eit kombosystem som overlet det meste til fantasien. Fantasien om å treffe noko som helst altså. Problemet slår spirer i Supermann si styrke. Supermann skal være mannen av stål, ikkje sant? Han har ei kraft som ikkje eingong anabole steroidar kan hamle opp med, men likevel tek det ein god mannsalder å slå seg gjennom eit simpelt karosseri. Når du treff altså. Ofte treff du ikkje ein gong det du vil slå, noko som gir muterte sommarfuglar god tid til å rasere byen. Er du riktig uheldig slår du nokon i bakken, og må då vente til dei kjem seg på beina før du kan slå dei på ny.

Som det meste i Superman Returns lev kombosystemet sitt eige liv. Du kan sjølvsagt prøve å trykke inn dei riktige knappane, og gledeleg nok utløyser du nokre komboar minst ein av tre gongar. Men eit kombosystem med komboar som faktisk gjer litt skade hadde ikkje vore å forakte. Kven gidd å bry seg med komboar når dei ikkje eing gong er i stand til å lage ein bulk i ei aluminiumsplate? Supermann har blitt transformert til ei slapp padde, såg nokon den kome?

Ein demonstrasjon i idioti

Eg vil anta dette berre er noko vi må lære oss å leve med. Sjølv om du kan utløyse eit kombangrep som etter namnet å døme vil få Supermann til å sende avgarde tusen slag mot fienden, så fungerar det ikkje akkurat slik i praksis. Det er nok berre å rette seg etter det, og roe seg ned med at Supermann ikkje kan dø. Det er i det minste noko. Riktignok til du innser kor lite som skal til før Supermann blir slått tilbake og må bruke kostbare sekund på å kome seg på beina igjen. Noko som sjølvsagt gir helsekostprodukt frå den lokale smia nok av tid til å ta livet av byen rundt deg. Tida er ikkje heilt på di side, og når du må bruke meir tid på å bekjempe eit kontrollsystem som kontinuerleg motarbeidar deg, er det klart den kjære byen din vil døy nokre gongar.

Supermann har jo sjølvsagt nokre andre krefter og, men kven gidd vel bruke tid på sånt? Nokre få gongar kan du smelte tinnfolie ved å bruke varmesyn, men det er og alt desse kreftene er gode for. Du har laser og is og vind, men dette betyr lite. Du kan sende ut ei glødande bølge av imponerande størrelse om du vil, men så lenge den ikkje tek livet av noko har det vel eigentleg ikkje så mykje å sei?

Eg antar eg kan sei noko om grafikken og lyden, men med handa på hjarte har eg fått nok av dette spelet no. Om du absolutt må vite, så ser byen sånn passe fin ut. Den kunne kanskje ha vore tent med eit litt større fargespekter slik at alt ikkje hadde minna om blankpolert bronse. Men vi kan vel kanskje ikkje forvente oss for mykje heller. Electronic Arts har visstnok leigd inn skodespelarane frå filmen til å berike spelet med sine stemmer, men det høyrest ut som om dei kjeda seg like mykje under innspelinga som eg gjer ved å spele det, forståeleg nok. Musikken er overraskande ganske så stemningsfull. Det er heilt sant. Den er ein av dei få tinga, ved sidan av litt flyging heilt i starten, som nesten får deg til å tru at dette ikkje er årets kalkun. Så feil kan ein ta.

Konklusjon

Om eg ikkje har vore presis nok i teksten, får eg gjenta meg sjølv her. Superman Returns er eit spel som vil få deg til å angre resten av livet. Du vil angre på at du brukte pengar på det, men først og fremst vil du angre på at det fekk lov til å stele tid frå ditt kostbare liv. Du vil kjenne deg skiten og urein, som om du nett har gjort noko frykteleg feil. Og det har du, berre ved å sjå på dette spelet i butikkhylla utfører du ei handlinga som snarast bør kome inn under straffeparagrafane i norsk lovverk. Superman Returns er eit minnesmerke over alt som kan gå gale i verda, og for det vil det alltid bli hugsa. Eg både håpar og ber om at framtida sine utviklarar vil ta lærdom av dette spelet, og legge det fram i ein glassmonter for alle å sjå korleis det ikkje skal gjerast.

Vurdering


Superman Returns X360 X360 1/10

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 30. november 2006
  • Plattform: Xbox 360
  • Utgiver: Electronic Arts
  • Utvikler: EA Games

Kommentarer (64)

Forsiden akkurat nå

Til toppen