Svensk geitesimulator får Steam-lansering

I skatespelet Goat Simulator skal du øydeleggje i staden for å gjere triks.

I førre veke la det svenske indiestudioet Coffee Stain Studios – utviklarane bak tårnforsvarspela i Sanctum-serien og det komande eventyrspelet A Story About My Uncle – ut ein noko spesiell video på YouTube. Der blei vi vitne til Goat Simulator, eit skatespel som paradoksalt nok ikkje byr på skating av noko slag. I staden styrer du ei geit som tar sats og stangar til alt som stangast kan.

Videoen blei raskt populær og har i skrivande stund over 2,2 millionar visningar. I teksten under videoen fortel utviklarane at dei berre leikar seg med litt programmering, og at dette ikkje er deira nye spel.

Får Steam-lansering

Etter den massive responsen har Coffee Stain no snudd tvert, og har i dag via YouTube og Facebook informert om at spelet vil bli tilgjengeleg på Steam i løpet av våren. Nokon nøyaktig dato er ikkje sett.

I ein ny video frå spelet får vi sjå enda meir av kva Goat Simulator har å by på. I spelet kan vi sjå geita hoppe på trampoliner for å nå spektakulære høgder, stange eit piknikbord eller to, samt skli på rumpa langs grusvegar.

Store delar av videoen blir via ein ny funksjon der geita kan gripe tak i ting ved å sleike på dei. Med tunga som lasso kan du hive både bord, stolar og økser rundt deg medan du tek trippel salto med skru i 100 meters høgde. Galskapen kan du sjå i videoen nedanfor.

Om du er trist og lei av seriøse spel og treng hakket meir humor i kvardagen kan det noko absurde spelet Octodad vere som skapt for deg.

Kommentarer (12)

Forsiden akkurat nå

Til toppen