Svensk spelutgjevar kjøper gamle Atari-klassikarar

Nordic Games har sikret seg Desperados og Silver.

Inntil nyleg var det ikkje mange som hadde høyrt om Nordic Games. Før den svenske utgjevaren kjøpte opp blant anna Darksiders og Red Faction frå konkursramma THQ var dei best kjende for å ha skaffa seg heile porteføljen til Dreamcatcher og JoWood. Dette inkluderte seriar som Painkiller og Gothic, samt perla Dungeon Lords. Utover dette har dei ei skremmande lang liste med We Sing-titlar på merittlista si.

No viser det seg at å kjøpe opp kjende titlar frå THQ ikkje er nok for svenskane. I dag får vi via Eurogamer vite at Nordic Games har kjøpt opp Desperados og Silver frå Atari.

Skjermbilete frå Desperados.
Skjermbilete frå Desperados.

Desperados er ein taktisk western-serie der du tek styringa over fleire ulike personar som veit å handtere knivar og pistolar. Du såg det heile ovanfrå, og kunne plassere gjengen din rundt omkring på kartet medan du metodisk plukka ned alle motstand. Serien blei utvikla av Spellbound, og så langt har det dukka opp tre spel. Når neste spel blir klart seier ikkje Nordic Games noko om.

Silver er på si side noko heilt anna. Dette actionrollespelet frå 1999 var sterkt inspirert av japanske spel og kultur, og bydde på 3D-figurar på todimensjonale bakgrunnar på same måte som Square Enix sine Final Fantasy-spel til den originale PlayStation. I motsetning til japanske rollespel var kampsystemet derimot i sanntid, og du kunne skru saman ei gruppe krigarar som alle handla på eige initiativ.

Nordic Games har ikkje konkret sagt noko om kva dei vil gjere med Silver heller, men dei har opna ein tråd for kvart spel på forumet sitt. Om du har nokre ynskje for framtida til Desperados og Silver er altså dette staden.

Les også: Atari selger seriene sine
Les også: Historien bak Atari 2600, del 1

Kommentarer (7)

Forsiden akkurat nå

Til toppen