Syberia III er på veg

Denne gongen meiner utviklarane alvor.

Det har vore stille rundt Kate Walker og peik-og-klikk-serien Syberia etter ein ganske dryg aprilspøk frå 2009 der Microïds for moroskuld kunngjorde at Syberia III var på veg. Der kom den franske utviklaren med den sleipe vinklinga at ein måtte samarbeide på tvers av PC og PlayStation 3 for å kome vidare i spelet.

Tre år etter denne «spøken» og Anuman Interactive sitt oppkjøp av Microïds, samt heile ti år etter det første Syberia-spelet, er no omsider det tredje kapittelet på veg. Som før står Benoit Sokal for historia, og Microïds sin grunnleggjar Elliot Grassiano vil oversjå prosjektet.

«Eg er veldig glad for å kunne skape eit nytt Kate Walker-eventyr, og for å kunne jobbe med Anuman Interactive på prosjektet. Eg skapte dei to første spela saman med Elliot, og er veldig glad for å kunne lage dette spelet saman med han», fortel Benoit Sokal i ei pressemelding.

I Syberia-spela møtte vi Kate Walker, ein advokat sendt til ein aude fransk by for å fullføre oppkjøpet av ein leiketysfabrikk. Naturlegvis gjekk veldig lite etter planen, og ho enda opp med å forville seg inn i ei tidvis emosjonell historie. I den vesle landsbyen møtte ho alskens mekaniske duppedittar skrudd saman av tannhjul og springfjører.

Etter kvart la ho ut på ei lengre togreise saman med den mekaniske mannen Oscar på jakt etter ein gammal mann. Som om det ikkje var nok måtte ho per telefon handtere eit stadig dårlegare forhold med kjærasten sin.

Sjølv om det har gått åtte år sidan Syberia II frå 2004 må vi smørje oss med enda nokre mengder tolmod for å få tak i det tredje spelet i serien. Syberia III vil dukke opp ein stad mellom 2014 og 2015 til fleire ikkje-spesifiserte plattformer.

Les også: Samlet inn millioner til nytt eventyrspill
Les også: Tilbakeblikk: Full Throttle

Kommentarer (11)

Forsiden akkurat nå

Til toppen