Anmeldelse

Syberia

Det er vel ingen tvil om at storheitsdagane til adveture-sjangeren er over. Med 3D-grafikken tok dette ein brå slutt, og timar med glede over absurde oppgåver såg ut til å vere over. Nokre selskap prøvde å halde sjangeren i live. Midt i fortvilelsen til mang ein adventure fan, dukkar Microids opp med spelet Syberia.

Side 1
Side 2

Ein automaton slår ei sørgmodig takt på tromma si medan begravelsesfølgjet sakte følgjer etter han. Det er ein regntung dag, og det er ei dyster stemning i lufta. Vitne til dette opptoget er Kate Walker. Ein ambisiøs advokat frå New York. For å fullføre eit heilt ordinært salg av ein fabrikk, blir ho sendt til Valadilenne, ei bygd i Alpane. Men det fører til store problem når ho får vete at personen som har blitt satt i gjorda, er Anna Voralberg, eigaren av automatonfabrikken ho skal ordne oppkjøpet av. Tilsynelatande burde salet vere i orden sidan avtala allereie var gjort. Det fører imidlertid med store problem når ho får vete at Annas bror fortsatt er i live, og har arveretten på fabrikken. Dette sender Kate ut på eit eventyr for å få tak denne broren, Hans Voralberg. Og for eit eventyr. Det er vanskeleg å skulle beskrive Syberia utan å røpe alt for mykje av historia. Til det er spelet for bra.

Historia til Anna Voralberg blir fortalt gjennom dagbøker og brev. Du vil og finne fleire små speledåser som vil sende deg inn i nydelege filmsekvensar som viser glimt frå barndomen til Anna og Hans. Forteljarteknikken er perfekt. Du blir ikkje fortalt for mykje, men heller ikkje for lite. Du blir berre dregen inn i dette fascinerande universet, og du har ikkje lyst til forlate det. Eg måtte rive meg laus frå PC-en etter å ha spelt 10 timar i strekk. Sjølv om det er eit utruleg bra spel, så er det kanskje lurt å dosere spelinga ein del. Grunnen er som mange andre adventure spel, dei er korte. Korte er kanskje ikkje rett ord, men med spel som Final Fantasy og online spel, så har ein blitt vandt med at spel varar mange titall timar. For eit adventure-spel er varigheita sett etter dagens standard begrensa.

For å ha ein ting avklart. Når du speler gjennom Syberia, kjem du til å støyte på mange ulike mekaniske oppfinningane. Alt frå intelligente personar til speledåser. Desse er såkalla automatons, ikkje robotar. Om du kallar desse oppfinnelsane, som for øvrig er Valadilenes store stoltheit, for robotar, vil folk sjå stygt på deg. Hotellverten i bygda var likevel ikkje heilt sikker på kva som eigentleg er forskjellen mellom automatons og robotar. Syberia er overfylt av desse maskinene. Kvifor dei er å finne overalt, må du nesten finne ut sjølv. I tradisjonell point & click stil må du leite deg rundt på skjermen for å finne spor. Når noko kan studerast nøyare forandrar muspeikaren seg til eit forstørrelsesglass, når du kan snakke med nokon, forandrar musa seg til ei snakkeboble. Kontrollsystemet liknar på det ein finn i Broken Sword, noko som i seg sjølv burde fortelje dei fleste at det fungerear utmerka.

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden