Ta opp kampen mot snømenn i Himalaya

Den neste utvidinga til Far Cry 4 har fått dato.

Om du har sett og gjort alt som sjåast og gjerast kan i Far Cry 4 er det no snart klart for enda fleire eventyr i dei snøkledde Himalaya-fjella. I ei pressemelding avslører Ubisoft at den neste utvidinga til skytespelet snart får lansering.

I Valley of the Yetis som lanserast på Xbox One, Xbox 360 og Windows 10. mars, og på PlayStation 4 og PlayStation 3 11. mars, får vi ei rekke nye utfordringar å bryne oss på.

Vi er tilbake i rolla som Ajay, og krasjlandar i ei snøkledd fjellside. Aleine i kulda må vi ta over ein leir som vi i tur må forsvare mot ein mystisk kult. Det er derimot ikkje den einaste utfordringa utvidinga byr på, sidan yetiar lurar i skuggane. Den nye utvidinga kan spelast aleine, eller saman med ein ven.

Vekkjer utforskaren i deg

Snø, kulde og galskap.

Far Cry 4 blei lansert i haust til jubel frå oss. Spelet bydde på enorme område det var ei fryd å utforske, samt ei engasjerande og spanande historie. Vi klaska til med ni saftige poeng i vår omtale:

«I løpet av dei snaue 15 timane det tok meg å kome gjennom historia har eg knapt skrapa overflata, så det seier sitt om kor enormt og omfattande spelet er. Du kan gå dit du vil nesten frå starten av, og det er ei fantastisk kjensle å bli sluppe fri i eit vilt og vakkert land der eventyr ventar kvar enn du snur deg.»

Far Cry 3 fekk i si tid ei absurd utviding i form av 80-talsinspirerte Far Cry 3 Blood Dragon. Sjølv om den sci-fi-festen blei svært populær, ser det ikkje ut til at vi får noko liknande i Far Cry 4.

Siste fra forsiden