Ta rolla som sjellaus kjempe

Oscar-vinnarar lagar spel av jødisk mytologi.

Historiene om golemane stammar frå jødisk folketru. Den handlar om skapningar laga av dødt materiale som leire, tre og stein. Den mest kjende golem-historia er golemen frå Praha, der rabbinaren Judah Loew ben Bezalel skapte ein golem for å hjelpe til i kampen mot antisemittiske styrker. Felles for dei fleste historiene er at golemen til slutt vender seg mot sin skapar.

I populærkulturen har vi sett mange golem-variantar. Dei har dukka opp i både forteljingar og bøker, men folk flest kjenner dei gjerne frå spel. Der finn vi golemar av alle tenkjelege materiale, og dei er stort sett kraftige fiendar det krevst stor styrke for å få has på.

Sjølv om vi har sett golemar i mange former allereie, er det ikkje ofte vi får ein golem som hovudperson. Det er derimot dette Moonbot Studios vil få til med den nye Kickstarter-kampanjen sin for spelet Golem. Dette spelet følgjer historia om golemen frå Praha, og vil setje deg inn i rolla som ein golem som aller helst vil få seg ei sjel.

Konseptkunst frå Golem.

Vi veit i skrivande stung ikkje mykje om korleis Moonbot ser føre seg at vi skal spele dette spelet. Dei skildrar golemen som eit born i ein enorm kropp, og i løpet av spelet må du lære deg dei mange måtane å styre han på. Dei nemner til dømes korleis det å leike med ein sommarfugl – eller å krige mot fiendar – krev at du brukar golemen på svært ulike måtar.

Naturlegvis blir det ein del kamp i spelet, og her vil Moonbot flette inn historiske referansar. Europa blir angripe av Cesare Borgia, og han nyttar blant anna Leonardo Da Vinci sine kreasjonar i krigføringa si. I kampen mot geniet til Da Vinci blir golemen ei viktig brikke. Etter kvart som du sigrar i kamp vil samtidig golemen bli større, sterkare og få visuelle endringar.

Moonbot Studios som står bak Golem har ikkje den største erfaringa innan spelindustrien. Dei er mest kjende for å vinne ein Oscar-statuett for animasjonsfilmen The Fantastic Flying Books of Mr. Morris Lessmore. For tida jobbar dei òg med Diggs Nightcrawler for PlayStation 3-konseptet Wonderbook.

Om alt går etter planen vil Golem lanserast for Windows i april neste år. Går Kickstarter-kampanjenbra der dei håpar på 750 000 dollar bra nok, vil dei lansere spelet for fleire plattformer.

Les også: Kopps-regissørens spel visast fram. Les også: Slik har du aldri sett svartedauden

Siste fra forsiden