Tales from the Borderlands er lansert på PC

Andre plattformer vil følgje etter i høgt tempo.

Om du er fan av både Telltale Games sine eventyrspel, og ikkje minst Borderlands-spela frå Gearbox, er Tales from the Borderlands midt i blinken for deg. Det kastar oss inn i Gearbox sitt absurde univers, men i staden for skyting og herjing skal du kome deg gjennom ei historie på velkjent Telltale-vis.

Det har lenge vore uvisst når spelet ville lanserast, men i fersk pressemelding tysdag har vi fått svaret. Den første episoden av Tales from the Borderlands er lansert for Windows, og er tilgjengeleg gjennom Telltales eigen butikk, Steam og ei rekke andre nettbutikkar. Mac-versjonen blir tilgjengeleg på torsdag.

Tales from the Borderlands serverer ein ny vri på Borderlands-universet.
Tales from the Borderlands serverer ein ny vri på Borderlands-universet.

For Xbox One-spelarar blir Tales from the Borderlands tilgjengeleg i morgon, onsdag, medan alle andre må vente til onsdag neste veke. Då blir spelet lansert på Xbox 360, PlayStation 4 og PlayStation 3. iOS- og Android-versjonar blir tilgjengelege før året er omme.

Neste stopp, Game of Thrones

Telltale Games har bygd seg opp eit rykte for å lage solide eventyrspel. I sine tidlege år laga dei episodiske eventyr i Monkey Island-universet. Seinare bryna dei seg på filmar som Back to the Future og Jurassic Park, før det for alvor tok av med The Walking Dead. Etter den tid har dei skrudd saman eventyr basert på teikneserien Fables.

Neste stopp for Telltale Games er den enormt populære TV-serien Game of Thrones, basert på bøkene til George RR Martin. Spelet vil ta oss med over store delar av Westeros, men vil fokusere på familien Forrester. Fleire av skodespelarane frå TV-serien er om bord for å gjenta rollene sine.

Vi veit ikkje sikkert når Game of Thrones blir lansert, utover at det er venta innan kort tid.

Kommentarer (6)

Forsiden akkurat nå

Til toppen