Tales of Symphonia får HD-versjon

Namco Bandai feirar rollespelets ti-årsjubileum.

Tales of-serien til Nambo Bandai har solid fartstid. Heilt sidan Tales of Phantasia blei lansert for Super Nintendo i Japan i 1995, har dei jamt og trutt lansert nye spel i serien. I likskap med Final Fantasy-serien til Square Enix byr kvart nye kapittel på ei ny verd med nye hovudpersonar.

Samtidig finn vi fleire varemerke som går igjen. Kampsystemet har halde seg veldig likt opp gjennom åra, spela har bevisst halde seg til ein fargerik animestil, og svært få av spela har teke seg sjølv særleg seriøst.

Favoritt får nyversjon

Eitt av dei mest populære Tales of-spela er Tales of Symphonia, og denne populariteten har Namco Bandai absolutt få med seg. Spelet blei det første i serien til å få ein direkte oppfølgjar i form av Wii-rollespelet Tales of Symphonia: Dawn of the New World.

Det er ti år sidan Tales of Symphonia først dukka opp på GamCube, og for å feire dette jubileet har Namco Bandai på sin årlege Tales os Festival i Japan kunngjort Tales of Symphonia Chronicles, fortel Gematsu. Denne samlepakka for PlayStation 3 vil innehalde både Tales of Symphonia og Tales of Symphonia: Dawn of the new World i høg oppløysing.

Spela vil ikkje kome med mykje nytt, men vil kome med nokre nye angrep heltane kan bruke, samt nokre kostyme henta frå eit anna Tales of-spel; Tales from the Abyss.

Om dette er noko du har venta lenge på må du likevel smøre deg med litt tolmod, sidan Tales of Symphonia Chronicles ikkje kjem i sal i Europa før tidleg i 2014.

Les også: Kan dette spelet konkurrere mot Ni No Kuni? Les også: Tales of Eternia

Siste fra forsiden