Tales of Xillia 2 kjem til Europa

Medan Tales-samlepakke får japanske stemmer.

Etter ei tørketid der Namcio viste seg svært lite velvillige til å lokalisere rollespela sine utanfor heimlandet, har Namco Bandai i løpet av dei siste åra slått på stortromma for europeiske fans av japanske rollespel. I fjor dukka det solide rollespelet Tales of Graces f opp til PlayStation 3, og om ein knapp månad får vi erfare det neste spelet i den mangeårige serien; Tales of Xillia. Det også til PlayStation 3.

Namco har tydelegvis god tru på at spelet vil selje godt, for sjølv om det framleis er nokre veker igjen til lanseringa av det japanske rollespelet har Namco Bandai under den japanske festivalen Japan Expo i Frankrike kunngjort at oppfølgjaren Tales of Xillia 2 blir lansert i Europa i 2014. Det fortel dei i ei pressemelding.

Herlege Tales of Symphonia tilbake i HD.
Herlege Tales of Symphonia tilbake i HD.

Frir til puristane

Eit anna stykke nyhende som kom ut av Japan Expo var at samlepakka Tales of Symphonia Chronicles vil få ein bonus mange rollespelentusiastar vil setje pris på. I tillegg til den lokaliserte versjonen der vi får engelske stemmer, vil spelet kome med sitt originale japanske lydspor.

Tales of Symphonia Chronicles er ein oppussa versjon av GameCube-spelet Tales of Symphonia, samt Wii-oppfølgjaren Tales of Symphonia: Dawn of the New World. Der dei tidlegare utgåvene av spela gjorde seg kjende på Nintendo-plattformer – med unntak av PlayStation 2-versjonen av et første Tales of Symphonia-spelet, blir denne samlepakka eksklusiv for PlayStation 3.

Neste år blir med andre ord ikkje å forakte om du har sakna nokre japanske rollespel å nytte tida di på.

Les også: Anmeldelse: Tales of Vesperia

Kommentarer (4)

Forsiden akkurat nå

Til toppen