Tales of Zestiria inviterer oss på eventyr til hausten

For første gong i serien kan du få spele eit Tales-spel på originalspråket.

Dei siste åra har Bandai Namco fridd til det vestlege publikummet ved å gje ut årlege utgåver i sin Tales of-serie. I år blir ikkje noko unntak, og i ei pressemelding tysdag får vi vite at det neste spelet i serien, Tales of Zestiria, vil bli lansert på PlayStation 3 til hausten. Nokon nøyaktig dato har vi ikkje fått, men tidlegare spel har blitt lansert i august, og ein skal ikkje sjå bort frå at det blir tilfelle i år òg.

Bandai Namco kjem i tillegg med godt nytt til JRPG-fans som irriterer seg over å ikkje få spele japanske spel på originalspråket. I Tales of Zestiria vil du sjølv få velje om du vil at stemmene i spelet skal vere på engelesk eller japansk.

Fargerik middelalderfantasy

Tales of-serien brukar små mellomsekvensar for å gjere deg betre kjend med persongalleriet.

I Tales of Zestiria blir vi sendt til ei middelalderverd full av fantasy-element. Her møter vi den unge mannen Sorey som endar opp med å få eit stort ansvar liggjande på sine skuldrar. Han tek på seg utfordringa med å bli gjetaren, og får med det jobben med å sørgje for fred og harmoni i landet.

Spelet vil by på ein ny variant av sitt actionfylte kampsystem, men denne gong vil du saumlaust gli inn i kampane når du møter fiendar. Ein ny kampmekanikk er at to krigarar kan slå seg saman for å bli ein med langt større krefter.

Tales of-serien har jamt over bydd på solide eventyr. Dei blandar dramatikk med store mengder humor, og engasjerande kampar. Det såg vi svært tydeleg i Tales of Xillia frå 2013, men kvaliteten gjekk ned eit par hakk med fjorårets Tales of Xillia 2.

Siste fra forsiden