Anmeldelse

Tales of Eternia

Om det er ein ting Sony sin vesle handholdte treng, så er det eit godt gammaldags og japansk rollespel.

Tales of Eternia er eit nesten kriminelt sjarmerande eventyr som ikkje står tilbake for noko for å dele ansiktet ditt i eit stort glis, i det du for første gong ser karakterdesignen frå forrige århundre gli over skjermen. Tales of Eternia er ei konvertering av eit gammalt PSOne-spel, men spelet held seg likevel svært godt mot tida sine krav om nyvinning og individualitet. Dette er i stor grad takka vere at spelet no befinn seg på ei handholdt plattform, noko som har gjort det mykje lettare å plukke opp og spele når ein vil.

Småbarn på tur
Som vanleg blir ikkje historiebøkene omskrivne i det heltane i eit slikt spel skal ut på eventyr. Tradisjonen tro har vi eit knippe unge personar som sjølvsagt endar opp med ansvaret for å redde heile verda. Reid Hershel og Farrah Oersted blir vitne til at eit mystisk objekt fell ned frå himmelen. Kort tid etter finn dei den mystiske jenta Meredy som snakkar eit framand språk. Det viser seg at Meredy er frå Celestia, ei verd innbyggarane på Inerfia (som Reid og Farah kjem frå) alltid har frykta for deira monster og blodtørstige innbyggarar. Meredy er det første teiknet på at alt ikkje nødvendigvis er som alle trur, og ho bringer med seg ein bodskap om at Celestia og Inferia er på veg mot kvarandre, i det som til slutt vil skape ein kollisjon av katastrofale proporsjonar. No er det opp til dette vesle følget å gjere det dei kan for å redde verda.

Historia i Tales of Eternia er som du kanskje har forstått, full av dei same gamle klisjeane du har spelt deg gjennom veldig mange gongar før. Heldigvis er dette kun toppen av kva spelet byr på. Gjennom spelet får ein oppleve ei verd ikkje så ulik vår eiga. Spelet tar føre seg betente tema som rasisme og fordommar, og det er noko som gir historia ekstra tynge og truverdigheit. I viktige historiesekvensar har også karakterane fått stemmer, og desse er av jamt over høg kvalitet, noko som absolutt ikkje skadar. Historia er lineær, men har nok av krumspring til at du aldri kjenner deg låst til skinner.

Tales-serien er ein velkjend rollespillserie i Japan, men Tales of Eternia er det andre spelet som nokon gong har nådd Europa. Det første var Tales of Symphonia til GameCube i 2004, og om du var ein av dei som koste seg med denne perla, vil du raskt kjenne deg igjen. Ein merkar lett at det er same serie, spesielt på grunn av kampsystemet som skiljer seg ganske markant frå det som er normen for slike spel. Det einaste likheitstrekket du finn med andre japanske rollespel, er at kampane skjer på tilfeldige tidspunkt. I staden for turbaserte kampar er kampane sideskrollande, og du kontrollerar kun ein av karakterane. Det kan framstå som ganske enkelt, og det er det på ein måte og, men det er rikeleg med dybde for den kresne.

Høgt tempo
Felles for kampane i Tales of Eternia er at dei alle er veldig raske. Du brukar ikkje lang tid på ein kamp, og du har ikkje tid til å sitte og tenke over kva du skal gjere. Alle karakterane får nye ferdigheiter og angrep etter kvart som dei brukar det dei allereie har, og desse kan du lagre til knappekombinasjonar. Det er ikkje avanserte og tungvinte kombinasjonar vi snakkar om, det er nok å halde inne to knappar samtidig. Det einaste du må halde eit auge med her er kor mykje TP (technical points) du har. Går du tom for TP, får du ikkje utføre fleire spesialangrep. Du kan fylle opp TP med forskjellige gjenstandar, men du kan kun ha 15 av kvar gjenstand, noko som tvingar deg til å tenke litt langsiktig.

Sjølv om du kun kontrollerar ein av dei fire kamphanane i gruppa di, betyr ikkje det at du ikkje har noko kontroll over dei. Du kan bestemme kor aktive dei skal vere frå ei lang liste av val. Du kan velje mellom alt frå å springe inn i kamp uansett kor alvorleg situasjonen er, til å halde seg i bakgrunnen som eit lemen på temperamentskontroll-kurs. I tillegg kan du gå i detalj på kva type angrep dei skal bruke, og kor flittige dei skal vere til å bruke TP.

I vanleg stil for japanske rollespel er det i hovudsak to verder du bevegar deg i. Når du skal flytte rundt på deg i verda, gjer du dette på eit stort 3D-kart i kjend stil. Dette kartet er ganske blotta for sjarm og ser ikkje nemneverdig pent ut. Som den rake motsetning finn vi sukkersøte og banalt sjarmerande 2D-område for alle område du besøker. Om det så er ein liten hamnelandsby eller ein farleg skog, kan du vere sikker på at dei handmåla bakgrunnane bringer dei til live på måte som får ein til å innsjå at 3D ikkje alltid er like stas. Det er klart at dei tekniske prestasjonane ikkje akkurat stiller høgt i dag, og animasjonen på karakterane er ganske stiv, men det spelar lita rolle i heilheita.

Konklusjon
Tales of Eternia er eit av dei betre spela på PSP. Det er eit spel som beviser at maskina er godt egna for dei japanske rollespela, og det er synd at vi ikkje har sett fleire av dei så langt. Det er uansett ingen grunn til å klage når det vi får er av så høg kvalitet som det Tales of Eternia er (sjølv om det strengt tatt er eit gammalt spel). Det er eit gjennomført trivlege spel som burde glede alle som har venta på eit skikkeleg rollespel til Sony si bærbare maskin. Med ei lang og velfortalt historie, godt utvikla karakterar og eit engasjerande kampsystem, er det vanskeleg å slå feil med Tales of Eternia. Det er uansett litt pussig at ein skal måtte ty til eit gammalt PSOne-spel når vi endeleg skal få eit skikkeleg rollespel på PSP.

Siste fra forsiden