Anmeldelse

Tales of Symphonia

Konkuransen er hard om plassen under juletrea denne høsten, men Tales of Symphonia har akkurat det som skal til for å hevde seg.

Side 1
Side 2

Krig har ingenting med muskelkraft å gjere Du lærer nye angrep enkelt og greit ved å gå i kamp. Etter kvart som du går opp i erfaringsnivå vil du få tilgang på nye angrep eller ferdigheiter. Akkurat kva du får avhenger av noko som heiter for Exsphere. Exsphere er kuler som gjer folk sterke i kamp, og du kan sei samtlige av karakterane i Tales of Symphonia hadde vore ganske håplause krigarar utan. Forskjellige exspheres har forskjellige eigenskapar, og nokon vil gjere deg raskare i kamp, medan andre vil fokusere på liv. Det er ein interessnat prosess det er lett å ta forgitt, men riktig bruk kan gi deg akkurat det overtaket du treng. Ein ting som er felles for slike angrep er at dei i klassisk eventyr-stil kostar mana. Forskjellige angrep har forskjellige prisar, alt etter omfang.

Du styrer kun ein karakter i kamp, men du kan konfigurere alle karakterane til å følgje visse mønster. Du kan så og sei stille inn på alt. Du kan blandt anna velje kva type angrep dei skal fokusere på, eller om dei skal spare på manapoeng. Du kan sei denne siste delen er det aller viktigaste. Om du lar alle karakterane bruke angrep som dei vil, kan du vere sikker på at alle er tomme for mana når du endeleg møter ein fiende som betyr noko. Har du lite mana når du møter ein boss, sliter du noko heilt frykteleg. Den tida du brukar på å fylle opp manabeholdninga til karakterane dine, brukar fienden på å sørge for at alle saman dør. Resultatet blir raskt at du må sjå lange sekvensar om igjen, noko som ikkje er spesielt moro. Namco kunne gjerne ha inkludert moglegheita for å hoppe over sekvensar.

Det er sjølvsagt mange butikkar i alle byar du besøker, og alle tilbyr forskjellige ting. Felles for alle er at du aldri har nok pengar. Du vil alltid sjå noko du gjerne vil ha, men sidan du nettopp brukte mykje pengar i feil butikk, må du vente til neste gong. Akkurat her kjem ein smart del av spelet inn. I staden for å nødvendigvis kjøpe nytt utstyr heile tida, kan du lage nye ting av det du allereie har, men ikkj elngre brukar. I mange butikkar kan du velje å ”Customize” i staden for å kjøpe, og du vil då få ei liste over kva du kan lage. Kvar nye gjenstand krev bestemte ingrediensar, og det er sjølvsagt svært sjeldan ein har alt dette. Det er ofte lurt å sjekke kva karakterane har utrusta seg med, sidan dette ikkje kjem opp på lista over kva ingrediensar du har.

Pene område, men stive animasjonar Tales of Symphonia er absolutt eit vakkert spel, men det er tydeleg at visse område har fått meir oppmerksomheit enn andre. Om ein ser på verdskartet i forhold til områda du besøker, er det ein ganske stor forskjell. Verdskarta ser ut som om dei er henta frå eit PSOne-spel, medan byar og fiendtlege område er pent modellerte med fine og skarpe teksturar. Kvar by du besøker er full av små detaljar som får dei til å kome til live. Det er også ein del fine animasjonar og effekter i kampane, men så lenge du ikkje er i kamp følest det ganske stivt. Om du til dømes ser på ein sekvens er gjerne modellane ganske stive i bevegelsane og det er kun ein kroppsdel som bevegar seg av gangen.

Ein svært positiv del av spelet er at stemmene til karakterane er veldig bra. Det følest ikkje rart eller krameaktig, og det einaste negative med stemmene er eigentleg at det er for lite av dei. Mange sekvensar består kun av skriven dialog, sjølv om ein skulle tru hendelsane var viktige nok til å putte inn litt stemmer. Det same gjeld musikken. Sjølv om det stort sett er musikk overalt er det ofte dei same melodiane som går igjen heile tida. Fiendane har ein melodi, verdskartet har ein melodi, og musikken i byane er stort sett veldig lik. Det gjer ting lett litt einsformige, og litt meir variasjon hadde absolutt vore å foretrekke. Sjølv om det er ein del bra musikk i spelet, blir ein lei av den etter ei stund.

Konklusjon Vil du ha eit solid eventyr med detaljert kampsystem og mange timar med moro, leverar Tales of Symphonia absolutt varene. Det har sine manglar og småfeil, men ingenting som skadar spelet som heilheilt. Det har ei fin historie som er godt fortalt, sjølv om den kanskje manglar litt originalitet. Dette er kanskje det største problemet til slik spel no for tida. Du får raskt følelsen av at ein gjeng mindreårige atter ein gong skal redde verda byrjar å bli litt utdatert, men så lenge det kjem frå Japan er dette tydelegvis noko vi må leve med. Tales of Symphonia er uansett eit fabelaktig eventyr som ikkje burde ha store problem med å invitere nye folk til sjangeren.

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden