Anmeldelse

Tales of Symphonia

Konkuransen er hard om plassen under juletrea denne høsten, men Tales of Symphonia har akkurat det som skal til for å hevde seg.

Side 1
Side 2

Ein gong i tida var Nintendo den regjerande mesteren når det kom til eventyr-spel. Super Nintendo var heimen til nokre av dei mest fantastiske eventyra i historia. Etter det gikk det berre nedover, og det er eit trist syn å sjå utvalet med gode eventyr-spel i katalogen til GameCube. Det er derimot ingen grunn til å fortvile, for det GameCube manglar i kvantitet, gjer Namco absolutt opp for i si siste perle: Tales of Symphonia. Det følest som å bli sendt tilbake i tid. Musikken er gode gammaldagse melodiar med fengande overtonar, og grafikken er fargerik og innbydande. Det er av og til nesten som å ta steget inn i ein teiknefilm. Bakgrunnane ser ut som om dei er i akvarell, sjølv om dei er i 3D, og det er noko av det søtaste og mest sjarmerande du kan vente deg å få sjå.

Ein ung mann og hans barndom Historia i Tales of Symphonia involverar mange element, men i utgangspunktet er det manatreet som er i ferd med å visne, og ein utvalgt må setje ut på ei reise for å regenerer verda, og redde mange liv. Sjølvsagt er du ein del av følgjet til den utvalgte. Hovudpersonen heiter Lloyd Irving og har ikkje hatt ein enkel barndom. Han har aldri kjent foreldra sine, men har budd hos ein dverg som har tatt hand om Lloyd som sin eigen son. Problemet til Lloyd er at han er ein temmeleg naiv ung mann, som gjerne går rett på sak i staden for å tenke seg om først, noko som sender han ut i fleire problem enn han kanskje har godt av. Autoritetar er heller ikkje noko han har mykje til overs for.

Det heile byrjar i Iselia, byen der Lloyd og venene hans har tilsynelatande levd i fred så langt i livet, men akkurat kva du ser er ikkje nødvendigvis det du får. Utanfor byen ligg ein av mange menneske-gårdar der ein gjeng med kjeltringar med litt for mykje makt, sender ulukksalige sjeler til slavearbeid. Desse kjeltringane går under namnet Desians, er halv-alvar, og er rimeleg usympatiske. Lloyd ender opp i konflikt med desse, noko som set både ekspedisjonen til den utvalgte, og mange uskuldige liv i fare.

Akkurat dette blir etter kvart varemerket til Lloyd. Han handlar gjerne før han tenker, og i følgjet hans er det fleire på hans alder som gjerne er einige med han. I følgjet er det uansett nokre vaksne med, og dei benyttar alle anledningar dei har til å informere Lloyd om kor naiv og umoden han er. Det er eigentleg ein litt morosam vri. Det er mange heltar som Lloyd, men i staden for at du sit og tenker stygge tankar om hovudpersonen, er det andre karakterar i spelet som tar seg av den oppgåva for deg.

I utgangspunktet gir Tales of Symphonia seg ut for å vere som kva som helst anna eventyr. Ei gruppe legg ut på ei reise for å redde verda frå den visse undergang, og møter nye ansikt med jamne mellomrom, venn eller fiende. Det er sjølvsagt ein del av dette i Tales of Symphonia, men det er gjort på ein veldig engasjerande måte. Du får ikkje vite alt med ein gong, ting skjer med karakterane, dei har sine hemmelegheitar, og litt etter litt brettar historia seg ut. På reisa for å regenerer verda må den unge jenta Colette ut for mange prøvelsar, sidan ho er den utvalgde. Ein skulle tru dei fleste ville ha ei fin og fruktbar verd, men slik er det absolutt ikkje, og dei som etter kvart set seg opp mot følget til Colette og Lloyd viser seg å svært forskjellig motivasjon.

Sideskrollande action I motsetning til andre eventyrspel frå Japan, er det verken turbaserte eller tilfeldige kampar i Tales of Symphonia. Du kan sjå alle fiendane på kartet, og kampane er noko utanom det vanlege. Namco er eit kjent ansikt innanfor kampsport-sjangeren, og det kan tyde på at det er herifrå inspirasjonen til kampsystemet i Tales of Symphonia er henta frå, riktignok i ei svært forenkla form. Kampane i Tales of Symponia kan best beskrivast som nesten sideskrollande. I utgangspunktet skrollar alt sidelengs, og fienden er på ei side, medan heltane er på den andre. Folk spring mot kvarandre, slår, sparkar og sender magi, i noko som minnar meir om kampsport-spel frå tidleg nitti-tal.

Grunnen til at det kun er nesten sideskrollande, er at karakterane til ei viss grad kan bevege seg tredimensjonalt. Det vil seie at om du kjempar mot ein fiende, kan ein anna flanke deg frå sida. Dette byr sjølvsagt på ein del ekstra utfordringar i kamp, sjølv om utgangspunktet er veldig enkelt. Du slår med A, og kan utføre komboar ved hjelp av denne knappen aleine, men du kan lagre forskjellige spesialangrep til B og kontrollstikka. Ved å trykke på B samtidig som du held kontrollstikka i forskjellige retningar kan du utføre forskjellige angrep. Du kan og legge angrep til C-stikka, og alle spesialangrep kan kombinerast med frenetisk trykking på A for å halde komboane gåande lengre, og for å gi enda meir skade. Etter kvart vil ein og kunne utføre samla angrep der alle karakterane går saman. Ved å setje saman gode kombinasjonar kan ein gjere stor skade på fienden.

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden