Tamriel Online har fått ny oppdatering

Samarbeidsmodifikasjonen til The Elder Scrolls V: Skyrim viser teikn til liv.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Tamriel Online lar ein spele The Elder Scrolls V: Skyrim i samarbeidsmodus. Modifikasjonen ble enormt populær på nettstaden Nexus Mods i fjor, og er blant dei mest nedlasta nye modifikasjonane det siste året.

Fyrste nyheit sidan november i fjor

Tamriel Online har ingen begrensingar på kor mange som kan spele saman.
Siegfre/Tamriel Online

«Siegfre», forfattaren av modifikasjonen, forsvann imidlertid frå både sosiale media og Nexus Mods i haust. Sidan fyrste november har me ikkje høyrt noko anna enn hint frå alfatestaren «KaptainTrite» om modifikasjonen, men no er det kome ei oppdatering.

Versjonen som har vore oppe på Nexus Mods sidan hausten har vore særs ustabil. Dei som har prøvd den har opplevd veldig mykje krasjing og avkopling frå spelverten. Den nye versjonen har framleis mange problem, men kjeldekoden er skreve om frå byrjinga av, som gjer at det er mindre krasjing enn før. Grunna arbeidet med å skrive koden på nytt er synkronisering av ikkje-spelbare karakterar slått av, slik at bare verten kan sjå desse. Dette vil kome tilbake innan nokre oppdateringar.

Ingen av dei offentlege serverane på modifikasjonssida verkar spesielt godt, så det er best å vere vert sjølv. I fylgje ein ny installeringsguide på Reddit er det viktig å slette tidlegare versjonar før ein laster ned den nye. Modifikasjonen bruker også ein ny port, grunna overgang til anna serverstruktur. Det er difor mogleg at den som er vert må opne porten 9933 på ruteren sin.

Konkurranse frå Skyrim Together

Karaktersynkronisering i Skyrim Together.

På nyåret blei det annonsert enda eit prosjekt for samarbeidsmodus, Skyrim Together. Denne modifikasjonen skulle vore klar til betatesting innan slutten av april, men den har blitt utsatt utan noko dato. Her kan ein sjå oversikt over framgangen til Skyrim Together. Det mest interessante er arbeidet deira med synkronisering av karakterar, animasjonar og kister.

Sjå også artikkelen om Skyrim-modifikasjonen som totalrenoverer byane i spelet: Holds: The City Overhaul

Siste fra forsiden