Tekken blir kortspel

Ny arena for kampkjempene i slåssespelserien.

Spel som er gratis å spele, men lar deg bruke pengar for å få tak i kosmetiske eller tekniske forbetringar har blitt svært populære det siste året. Spesielt blant utviklarar, men òg blant mange spelarar. Fleire og fleire utviklarar satsar no på denne forretningsmodellen, og siste namn ut er Namco.

I ei pressemelding har den japanske utviklaren i dag kunngjort Tekken Card Tournament, eit kortspel som byter ut lynraske refleksar med strategisk tenking.

I Tekken Card Tournament får du ei rekke kort til disposisjon som alle byr på ulike angrep. I løpet av ei runde kan du leggje ut dei korta du tenkjer deg vil gjere mest nytte, før du må bestemme deg for om du skal bruke dei, eller blokkere for å skåne deg mot dei to første angrepa frå fienden. Den første som mistar all helse har tapt.

Ny vri for slåssespelserien.

Spelet vil la deg kjøpe kort for å låse opp nye angrep, og hintar med det om at spelet kan ha eit snev av å la deg betale for å vinne. I ein snodig vri vil du i tillegg til å kjøpe desse digitalt òg kunne kjøpe fysiske kortpakkar i butikken for å byggje opp artilleriet ditt. Kvart kort kjem med ein QR-kode du kan skanne for å automatisk låse opp angrepet. I tillegg kan du skanne figurane på kortet for å sjå ein 3D-versjon på skjermen din.

Spelet kan spelast på tvers av alle plattformer, om det så er mobil, nettbrett eller PC, og er tilgjengeleg no. Dei fysiske kortpakkane vil bli tilgjengelege til sommaren, men om desse dukkar opp i norske butikkar gjenstår å sjå.

Les også: Nytt Uncharted-spel kunngjort Les også: Sniktitt: Might & Magic: Duel of Champions

Siste fra forsiden