Anmeldelse

Tekken 5

Kampen om jernhanda er tilbake for siste gong på PlayStation 2. Gjer deg klar for endelause komboangrep, og eit imponerande persongalleri.

Tekken-serien har på mange måtar tatt over for Street Fighter II som den mest kjende serien med slåssespel. Heldigvis har Namco vore flinkare enn Capcom ved å namngi utgåvene sine, men om dei er flinkare på innovasjon er ikkje like sikkert. No seier eg på ingen måte at det er dei heilt store forskjellane å finne i det enorme havet av Street Fighter-spel. Dessverre er det ikkje dei heilt store nyskapingane å finne i Tekken 5 heller. Det er litt raskare, litt penare, men likevel berre meir av det same. Det er kanskje ikkje nok å hente her om du har samtlige spel i serien, for det er mange spel som er både betre, og har sterkare eigenskapar enn kva Tekken 5 kan skilte med.

Eit sterkt kort for Tekken 5 er uansett eit suverent persongalleri. Personleg har eg ei oppfatning av det er mykje kjedeleg karakterdesign blant slåssespela, men Tekken-serien har nokre av dei sterkaste karakterane i sjangeren. Det er ein karakter for einkvar smak her. Om du vil ha ein stor stygg mann finn du det, og det er alt frå søte og små, til harde og nådelause kvinner. Om du heller skulle ønske ein bjørn, kan du låse opp dette og. I Tekken 5 er det eit imponerande antal karakterar å velje mellom frå første stund, men det er også ei rekke skjulte karakterar du kan låse opp om du går inn for det.

Øving gjer meister
Kvar karakter har eit imponerande utval angrep. Når som helst kan du trykke på start for å finne ei liste over alle angrepa, og det er ei ganske saftig liste med ting å lære seg. Over hundre forskjellige angrep av varierande vanskegrad står til din disposisjon, og det skal temmeleg mykje øving til for å få ting til å sitte som støpt. Dessverre er det lett å sjå at alle angrep er veldig individuelle, noko som på godt norsk betyr at dei ikkje heng saman. Om du går frå eit angrep til eit anna, er det ikkje flyt i animasjonen som binder dei saman. I staden er det litt småhakkete animasjonar i overgangane. Det er ikkje nok til å øydelegge noko, men du legg merke til det.

Tekken 5 handlar om mange angrep etter kvarandre, også kalla "strings". Mykje av tida di vil gå med på å pugge angrep for å skape ein eigen taktikk. Dessverre er ikkje dette så moro, og treningsmodusen er eigentleg ganske mangelfull etter dagens standard. Det hadde vore fint med noko meir enn ei liste over angrep. Litt interaktiv hjelp kunne gjort det meir interessant å verkeleg gå inn for å lære seg alt spelet har å by på. Å spele aleine er ganske døvt, sidan den kunstige intelligensen ikkje akkurat imponerar. Den reagerar ikkje på kva du gjer, men fortset kun med det den er programmert til å gjere. Slike spel handlar uansett om å spele i lag med andre, men det er likevel ikkje så dumt å kunne trene seg opp mot ein litt interessant motstandar.

Skuffande ubalansert
Spelet er også forferdeleg ubalansert. Ein som aldri har spelt eit spel i sitt liv kan banke opp erfarne spelarar berre ved å velje rett karakter. Nokre karakterar er enkelt og greit mykje betre enn andre, noko som er veldig lett å oppdage. Kampane er ikkje veldig dynamiske heller. Du er i eit 3D-miljø, men det verkar ikkje slik. Å gå til sida er ein tungvindt og langsom prosess som gjerne gir motstandaren din ei gyllen anledning til å gå laus på deg med ei lang rekke angrep. Det er eigentleg som å spele eit gammalt 2D-spel, sidan friheita eigentleg er mykje av det same. Du finn ingen store og frie miljø. Det er små arenaer med få moglegheiter, og det blir litt tamt etter kva vi har sett i andre spel. Lyden er fortsatt overdriven og urealistisk, og eg må nesten gratulere Namco med den dårlegaste musikken eg har høyrt på veldig lang tid.

Kampane i Tekken 5 er hakket raskare enn tidlegare, men fortsatt ikkje heilt oppe i tempoet til ein del andre spel. Dette er først og fremst ei smakssak, men har likevel sine positive og negative sider. I Virtua Fighter og Dead or Alive er det eit høgt tempo, og du får verkeleg inntrykket av at dette er enorme kampkjemper som bankar kvarandre opp. I Tekken 5 er det ikkje like overbevisande. Ikkje eingong Marshall Law er så rask som ein gjerne ubevisst forventar at han skal vere. På sett og vis gjer dette spelet enklare for nybyrjarar, men samtidig skapar det visse uheldige situasjonar. Du gjer kanskje eit temmeleg kraftig angrep som sender motstandaren over halve bana, men du får ikkje fortsette angrepet sidan du ikkje rekk fram før han er oppe att. Småting som dette er med på å nekte Tekken 5 toppen av pallen.

Tekken 5 PS2 PS2

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 24. juni 2005
  • Plattform: PlayStation 2
  • Utgiver: Namco
  • Utvikler: Namco

Kommentarer (77)

Forsiden akkurat nå

Til toppen