Test din reaksjonsevne i Aaru's Awakening

Islandsk indiestudio byr på lekkert og handteikna plattformeventyr.

Dei verkeleg unike ideane har det av og til med å kome frå dei verkeleg små og ukjende utviklarane som sit på eit rom ein stad og knotar ned framtida. Berre sjå på kva Markus Presson fekk til då han lanserte Minecraft, og tok heile verda med storm.

Det skal litt til for å slå Minecraft, men gjengen i islandske Lumenox Games har definitivt sine eigne tankar om kva som skal til for å lage eit unikt plattformeventyr.

I Aaru's Awakening tek du på deg rolla som det merkverdige beistet Aaru. Han er ei slags blanding mellom ørn og bjørn, og det viktigaste hjelpemiddelet han har i livet er fart. Verda står ovanfor store utfordringar, og som Aaru må du navigere deg gjennom svært spesielle område.

Lumenox bryr seg ikkje om polygonar og lysteknologi.

Teikna for hand

Aaru's Awakening er handteikna, medan fargane er lagt inn digitalt, noko som gjev det ei veldig unik framtoning. I dei ulike og ganske så spesielle områda må Aaru kome seg fram i hovudsak ved hjelp av to verkty. Det eine er å kaste ein ball ut i lufta, og når som helst kan Aaru teleportere nøyaktig dit den ballen er. Eit anna alternativ er å trykkje inn mellomromstasten for å få Aaru til å skyte fart i retning musepeikaren.

Terrenget ser ut til å bli temmeleg utfordrande, med både fiendar og djupe avgrunnar. Du må difor rekne med å måtte halde eit temmeleg høgt tempo medan du kombinerer teleportering med kjappe framstøt i lufta.

Skulle du ha lyst til å sjekke om dette er noko for deg har Lumenox lagt ut ein tidleg demo du kan prøve sjølv. Den kan lastast ned enten frå Lumenox sine nettsider, eller frå Aaru's Awakening sin Steam Greenlight-kampanje. I mellomtida kan du ta ein kikk på videoen under som demonstrerer den nydelege grafikken og dei tilsynelatande høgst krevjande mekanikkane.

Aaru's Awakening kjem etter planen i sal for Windows og Mac i løpet av hausten.

Les også: Norskutviklede Teslagrad kommer også til Wii U Les også: Greenlight-kampanje stopper Steam-lansering

Siste fra forsiden