(Bilde: Square Enix)

Tetsuya Nomura visste ikkje at han regisserte Final Fantasy VII Remake

Fekk sjokk då han såg første video frå JRPG-klassikarens nyversjon.

Mange sette nok både det eine og det andre fast i halsen då Square Enix under Sonys E3-pressekonferanse avslørte Final Fantasy VII Remake. Final Fantasy VII har sidan lanseringa i 1997 blitt rangert som eit av dei aller beste spela til Square Enix, og ropet etter ein oppussa versjon for moderne konsollar har gjalla i årevis.

Final Fantasy-fans var derimot ikkje dei einaste som fekk seg ei overrasking. Kingdom Hearts-regissør og Final Fantasy-karakterdesigner Tetsuya Nomura blei sjølv noko fortumla då han såg den første presentasjonsvideoen frå Final Fantasy VII Remake. Det kjem fram i eit intervju han har gjort med japanske Famitsu, oversett av Kotaku:

Midgar vaknar til live som aldri før.
Midgar vaknar til live som aldri før. Bilde: Square Enix

«Under pre-produksjonen tilbydde eg mine meiningar om kva som burde gjerast. Yoshinori Kitase (Final Fantasy-produsent og regissør av orginale Final Fantasy VII) spurte meg om korleis ting burde gjerast i finare detalj. Det var ganske forvirrande, og ein dag då eg såg ein intern presentasjonsvideo stod det at eg var regissør på slutten.»

«Eg ringde Kitase og sa at det stod eg var regissør, av ein eller anna grunn. Han svarte berre at sjølvsagt gjer det det.»

Frå nedtur til siger

Final Fantasy VII Remake har vore under utvikling ei stund, og vil bli lansert på PlayStation 4 først, med andre potensielle plattformer seinare. Noko av det kanskje mest spesielle med kunngjeringa av Final Fantasy VII Remake, er at arbeidet var godt i gong då Square Enix under PlayStation Experience i desember avslørte at PC-versjonen av Final Fantasy VII skulle kome til PlayStation 4.

Den avsløringa starta med jubel, men enda med vantru. Tetsuya Nomura slo seg for ordens skuld til ro med regissørposisjonen i god tid før avsløringa under årets E3-messe.

Etter Final Fantasy VII Remake-avsløringa tok vi eit tilbakeblikk på 15 år med rykte rundt ein nyversjon av spelet. I fjor tok RadCrew ein nærare kikk på kva som gjer akkurat Final Fantasy VII så spesielt.

 

Kommentarer (10)

Forsiden akkurat nå

Til toppen