(Bilde: Bethesda)

The Elder Scrolls Online droppar abonnementsavgift

Medan konsollversjonen får lansering til sommaren.

Snart treng du ikkje betale for å utforske Tamriel i The Elder Scrolls Online. I dag har Bethesda sendt ut ei pressemelding der dei forklarar at frå og med 17. mars vil dei avslutte abonnemantsavgifta spelet har hatt sidan lanseringa i fjor. Bethesda vel å styre unna gratismodellen mange andre MMO-spel har gått for i nyare tid, og følgjer heller i Guild Wars sine fotefar.

Det betyr at ein framleis må betale for spelet, men utover det er all speletid gratis. Oppdateringar vil bli gratis, men om du vil ha nytt innhald må du betale for det gjennom utvidingspakkar. Vidare kan du kjøpe valfrie kosmetiske endringar og «convenience»-tillegg i ein eigen butikk.

Ei abonnementsløysing vil framleis vere tilgjengeleg for dei som vil. Dette abonnementet vil gje deg eksklusive gjenstandar i spelet, automatisk tilgang på alt nytt innhald, samt pengar å bruke i spelets butikk.

Konsollslepp til sommaren

Ikkje lenger månadspris for piknik i hagen.
Ikkje lenger månadspris for piknik i hagen.

Ved sidan av å kunngjere sat The Elder Scrolls Online blir tilgjengeleg utan abonnement, har Bethesda avslørt når spelet dukkar opp på konsoll. Vi må vente nokre månader til, men no er det klart at The Elder Scrolls Online dukkar opp på PlayStation 4 og Xbox One 9. juni.

The Elder Scrolls Online var eit solid MMO då det blei lansert i fjor, sjølv om det hadde sine skavankar. Vi gav det sju poeng på poengtavla:

«Fram til nivå 50 gav The Elder Scrolls atskilleg fleire oppturar enn nedturar. Ja, det er fleire små og store ting som irriterer, men vegen mot øvste nivå har vore underhaldande. Oppdraga er mange, dei er i tråd med universet, og historiene som blir fortalde er stort sett interessante. Når ein da skal byrje på veteraninnhaldet, og prøve å kome seg opp til nivå veteran 10, blei i alle fall eg litt metta. Det var berre meir av det same ein allereie hadde gjort.»

Om The Elder Scrolls ikkje er heilt di greie, men du likevel vil ha eit MMO på konsoll, kan kanskje PlayStation 4-versjonen av Final Fantasy XIV: A Realm Reborn vere noko for deg.

Kommentarer (20)

Forsiden akkurat nå

Til toppen