The Elder Scrolls Online har fått lanseringsdato

Snart kan du reise på eventyr i Tamriel.

Bethesda har gjort stor suksess med rollespela i The  Elder Scrolls-serien. Serien starta i 1994 med The Elder Scrolls: Arena, og har sidan den tid sett fire nye spel i hovudserien, samt diverse krumspring på ulike plattformer.

Med The Elder Scrolls Online tek Bethesda serien eit stort steg vidare. Den einsame utforskinga av vidstrakte område blir erstatta av samarbeid og konfliktar i ei massive verd full av spelarar. Mange har venta på spelet i både frykt og spaning over kva resultatet ville bli, og i dag har Bethesda sendt ut ei pressemelding der dei fortel at The Elder Scrolls Online blir lansert for Windows og Mac 4. april neste år.

Spelet vil dukke opp på Xbox One og PlayStation 4 noko seinare, og får sommarlansering i juni.

Populær testfase

Det blir nok av skrømt å ta knekken på i The Elder Scrolls Online.
Det blir nok av skrømt å ta knekken på i The Elder Scrolls Online.

Over det siste året har The Elder Scrolls Online gått gjennom ein langvarig betatest. Over fire millionar personar har meldt seg på for å få prøve seg i Tamriel. Over 300 000 spelarar har vore innom spelet i løpet av berre to dagar, og i eit blogginnlegg på dei offisielle The Elder Scrolls-nettsidene fortel regissør Matt Frior at den største og viktigaste prioriteringa deira akkurat no er å sørgje for at dei får til ei så smertefri lansering som mogleg.

Dei fleste store nettrollespel plar slite på mange plan i dei første dagane og vekene etter lansering, og Frior fortel at dei difor vil opne spelarslusene gradvis. For berre nokre månader sidan måtte Square Enix stoppe salet av Final Fantasy XIV: A Realm Reborn kort tid etter lansering nettopp fordi dei sleit med å handtere spelarmassane.

Om Bethesda og utviklarane i ZeniMax Online er klare for å handtere den massive populariteten til The Elder Scrolls-serien vil berre tida vise.

Vi tok ein kikk på spelet tidlegare i år, og kunne rapportere at det såg ut til å bli eit ganske tradisjonelt nettrollespel.

Kommentarer (29)

Forsiden akkurat nå

Til toppen