The Elder Scrolls Online krev ikkje PS Plus

Men på Xbox One må du ha Xbox Live Gold-medlemskap.

Under E3-messa i fjor blei det klart at Sony ville krevje PS Plus-medlemskap frå alle som vil spele på nett, akkurat slik Microsoft har gjort det i mange år allereie. Dette gjeld derimot ikkje for det komande MMO-et The Elder Scrolls Online.

PlayStation-bloggen har Matt Firor frå Zenimax Online Studios svart på spørsmål frå spelarane, og der kjem det fram at det einaste abbonementet du treng for å spele The Elder Scrolls Online på PlayStation 4 er den månadlege abbonementsavgifta spelet krev.

Via Game Informer får vi vite at dette ikkje er gjeldande for Xbox One-versjonen. Der må du i tillegg ha eit Xbox Live Gold-medlemskap.

Separate serverar

Denne karen er klar for eventyr.
Denne karen er klar for eventyr.

Vidare i blogginnlegget til Firor får vi vite at spelet får separate serverar for Nord-Amerika og Europa. Han skriv at spelarane vil spele på ein av desse, men seier ingenting konkret om vi får velje dette sjølv.

Vi får altså ikkje spele på tvers av kontinenta slik vi kan i til dømes Final Fantasy XIV: A Realm Reborn, og vi får heller ikkje spele på tvers av plattformer. Alle plattformene spelet kjem på vil ha sine eigne serverar. Om du har planar om å spele med vener er det altså best å bestemme seg for plattform i god tid.

Firor meiner dette er ein positiv ting sidan nye spelarar ikkje vil drukne i erfarne heltar, men det spørs vel om alle spelarane er einige i det.

Ein betatest for PlayStation 4-versjonen er venta seinare i år. Om det same gjeld Xbox One-versjonen vitast ikkje.

Om du vil vite meir om The Elder Scrolls Online kan du ta ein kikk på vår sniktitt. Førre veke avslørte i tillegg Bethesda ei lang liste med kjende skodespelarar som låner stemmene sine til spelet..

 

Kommentarer (18)

Forsiden akkurat nå

Til toppen