The Last Guardian-skaparen er lei seg

Fumito Ueda har dårleg samvit for den lange ventetida.

Nokre spel ser ut til å aldri bli ferdige. Kalkunen Duke Nukem Forever var under utvikling i 14 år, og det komande nestegenerasjonsspelet Final Fantasy XV blei opprinneleg kunngjort i 2006 under namnet Final Fantasy Versus XIII.

Eit anna spel som har hatt ein lang og utfordrande utviklingsprosess er The Last Guardian frå Sony. Dette spelet kjem frå Fumito Ueda som er hjernen bak klassikarar som ICO og Shadow of the Colossus. The Last Guardian har vore under utvikling sidan 2007, og blei først kunngjort i 2009. Sidan då har det vore langt mellom all ny informasjon, og rykta har svirra om spelet kanskje har blitt flytta frå PlayStation 3 til PlayStation 4.

Er lei seg

Når får vi møte denne merkelege skapningen?

I eit intervju med Edge har Ueda delt sine eigne tankar rundt prosjektet han har jobba på i over seks år, og han viser teikn til dårleg samvit:

«Meir enn noko anna er eg frykteleg lei meg for at publikumet mitt har vore nøydt til å vente så lenge.»

Ueda hintar om at han er ein perfeksjonist, noko som til dels forklarar den lange ventetida på The Last Guardian. Han fortel derimot at han er langt frå den einaste på teamet som pirkar på små detaljar:

«Dei originale ICO og Shadow of the Colossus-utviklarane er like opphengde i detaljar som eg er. Eg vil alltid skape raskt, og helst få opp farten på produksjonen.»

Fumito Ueda sine kreative bidrag til The Last Guardian var ferdig for over eit år sidan. I tida etter har han sagt opp heiltidsstillinga si hos Sony for å satse på ei freelance-karriære, sjølv om han framleis arbeider med å gjere The Last Guardian ferdig.

Om du ikkje kjenner for godt til Uedas tidlegare arbeid kan du sjekke ut vår vurdering av dei fantastiske HD-utgåvene av ICO og Shadow of the Colossus.

Siste fra forsiden