The Last of Us blir teikneserie

Snart kan du finne ut kva som skjedde før Joel møtte Ellie.

Det neste storspelet frå den renommerte utviklaren bak populære seriar som Uncharted og Jak & Daxter, er eit solid temaskifte for Naughty Dog. Der dei tidlegare spela deira uavhengig av dramatikk og seriøse overtonar alltid har hatt ein solid fot godt planta i humoren, byr The Last of Us på ei dyster og post-apokalyptisk verd.

Du spelar som Joel, ein erfaren mann som har lært seg å overleve. Med seg på slep har han den 14 år gamle jenta Ellie. Saman må dei kome seg heilskinna gjennom eit farleg eventyr som tidvis kan bli riktig så brutalt. Mykje av målet til Naughty Dog er å skape emosjonelle band mellom spelarane og hovudpersonane.

Slik blir teikneserien sjåandes ut.

I samband med dette kunngjorde Naughty Dog saman med Dark Horse Comics The Last of Us: American Dreams under New York Comic Con i helga. I denne teikneserien får vi historia om livet til Ellie fram til ho møter Joel.

«I Ellie si verd betyr slutten av barneskulen at du kan velje om du vil bli ein soldat, eller du kan klare deg sjølv saman med andre overlevande. Dette er dei to måtane ein tenåring kan leve på i denne verda. Ellie trur der må vere ein tredje.»

«Ho vil vere uskuldig, men kan ikkje. Ho finn ting som ein CD-spelar og andre bitar frå sivilisasjonen slik den var før handlinga i spelet. Ho får glimt av eit liv ho ikkje kan ha,» fortel Naughty Dog-designer Neil Druckman i følgje VG247.

The Last of Us: American Dreams er eit samarbeid mellom Neil Druckman og Faith Erin Hicks. Hicks har tidlegare stått bak Demonology 101. Serien kjem i fire delar. Om den får lansering her til lands er ikkje kjent.

The Last of Us kjem i sal for PlayStation 3 i løpet av neste år.

Les også: Se Uncharted-studioets nye storsatsing Les også: Naughty Dog vil omdefinere spillbegrepet

Siste fra forsiden