The Sims 4 med full kontroll over kjenslelivet

No kan du skape solide intriger for simmane dine.

Under EA sin GamesCom-pressekonferanse tysdag kveld fortalde selskapet om kva vi kan vente oss frå det neste spelet i den uhorveleg populære The Sims-serien. Ved sidan av å bruke solide uttrykk som dynamisk gameplay der du vil få ein mykje lettare jobb med å byggje opp husa til simmane dine, vil kjenslene deira få ei mykje større rolle enn tidlegare.

I The Sims 4 fekk vi høyre at du praktisk talt kan sjå på deg sjølv som regissøren for eit skodespel. Du vel arenaen der det heile skal skje, kven som vil ta på seg hovudrollene, i tillegg til at du får direkte kontroll over kjenslene til dei ulike simmane.

Trekantdrama

I dømet vi fekk servert fekk vi ta del i ein liten fest der midtpunktet var eit lite drama mellom tre simmar. Ollie sjekka opp Sofia medan Andre sat på ein sofa og kjeda seg. Ollie hadde på dette tidspunkt solid sjølvtillit sidan det var dette spelaren hadde bestemt.

Interkative skulpturar i The Sims 4.

For å røske litt opp i seansen fekk spelaren Andre til å spele ein trist melodi på fiolinen, noko som gjorde Ollie så deprimert at han stakk av slik at Andre kunne gripe sjansen for å sjekke opp Sofia. Det Andre ikkje visste var at Ollie enda opp med å bruke ei voodoo-dukke på han for å gjere han rasande. Sofia likar ikkje sinte folk, Andre mista difor sjansen sin og tok ut aggresjonen på ein boksesekk medan Sofia og Andre stakk av i ein rakett.

Det er altså ikkje dine typiske «Days of Our Lives»-scenario vi har i vente, men likevel ikkje så frykteleg langt i frå. Det viktigaste EA ville oppnå med presentasjonen sin var heilt klart å demonstrere at The Sims 4 ikkje berre handlar om å putte personar i eit hus, men òg om å leike med kjenslelivet deira gjennom alt frå direkte kontroll til meir subtile element som korleis eit rom er dekorert.

Robust personbygging

I tillegg til eit viltert kjensleliv fekk vi sjå korleis EA har bygd om karakterbyggjinga. No vil du få heilt nye verkty for å byggje opp ulike figurar. I staden for å dra på parameter for å endre dei minste detaljar kan du no berre bruke musa for å gripe tak i ulike kroppsdelar. På denne måten kan du dra i ei nase for å gjere den lang, eller endre lår og mage individuelt på ein meir intuitiv måte enn tidlegare.

Korleis det heile vil fungere i praksis gjenstår å sjå, men alt vil nok bli klart når spelet blir lansert for PC og Mac til neste år.

Les også: Anmeldelse: SimCity Les også: SimCity-veteranar dannar nytt studio

Siste fra forsiden