The Walking Dead blir pinballspel

Den populære eventyrserien får si naturlege fortsetjing.

Telltale Games har gjort det stort med sine The Walking Dead-spel. I serien basert på teikneserien til Robert Kirkman har vi fått erfare ei dramatisk historie der spelaren stadig står ovanfor kritiske val som kan bety liv eller død for persongalleriet i spelet. Serien er episodebasert, og er no midt i sin andre sesong.

At eit engasjerande eventyrspel skulle ende opp som eit pinballspel er kanskje ikkje den første tanken som slår oss, men det er nøyaktig det som no har skjedd. I ei pressemelding i dag har Telltale Games informert om at dei har slått seg saman med pinballguruane hos Zen Studios for å lage The Walking Dead Pinball. Spelet vil kome til PC, konsollar og mobil, utan at pressemeldinga nemner spesifikke plattformer.

Pinball med konsekvensar

Skjermbilete frå første episode av The Walking Dead.
Skjermbilete frå første episode av The Walking Dead.

Som i serien pinballspelet bli basert på, vil du bil stilt ovanfor dramatiske val både titt og ofte. Pinballspelet vil bli basert på den første sesongen av The Walking Dead, og vil ta oss frå trehuset til Celementine, og til gatene i Savannah.

Korleis utviklarane har tenkt å inkludere val og konsekvensar i ein sjanger som i alle fall for urutinerte spelarar mest handlar om flaks, går ikkje pressemeldinga inn på. Telltale vil derimot vise fram spelet på årets E3-messe neste veke, og der vil vi sjølvsagt vere på plass.

Medan du ventar på nytt om The Walking Dead Pinball kan det vere ein idé ta ein kikk på sesong to av serien, om du ikkje har gjort det allereie. I våre førsteinntrykk meinte vi at den andre sesongen godt mogleg kan bli betre enn den første:

«The Walking Dead: Season Two er fortsetjinga på noko bra, og godt mogleg byrjinga på noko enda betre. Den første episoden i skoa til Clementine er heilt på linje med dei beste avsnitta frå originalsesongen, og langt betre enn opninga på Lees eventyr, med meir spaning, meir dramatikk og betre flyt.»

Om du er The Walking Dead-fan bør du få med deg vårt intervju med skodespelarane i serien.

Kommentarer (2)

Forsiden akkurat nå

Til toppen