The Walking Dead til Xbox One og PlayStation 4

Seinare i månaden kan kan du få med deg zombieapokalypsen på nytt format.

Telltale har gjort stor suksess med sin The Walking Dead-serie. Dei episodiske eventyra har dukka opp på det meste som finnest av plattformer, og seinare denne månaden blir serien tilgjengeleg på to til. I ei fersk pressemelding får vi vite at både den første og den andre sesongen, samt 400 Days-utvidinga til den første sesongen blir tilgjengeleg på Xbox One og PlayStation 4 i slutten av månaden. Spela blir tilgjengeleg både via nedlasting, og i butikkversjonar.

De to sesongane vil bli tilgjengelege kvar for seg, og får begge lansering 24. oktober. Samstundes med lanseringa vil den andre The Walkin Dead-sesongen bli tilgjengeleg i fysisk butikkformat på PlayStation 3 og Xbox 360.

Sterke eventyr

Telltale har gjort stor suksess med The Walking Dead.

I redaksjonen ha vi hatt mange lovord om dei to sesongane vi har fått severt så langt. Den andre sesongen blei nyleg avslutta, og i får oppsummering meinte vi det var ei følelseslada og intens historie:

«Om sesong to kan måle seg med Telltales førstereise i zombieuniverset er eg framleis ikkje sikker på. Season Two har heilt klart betre flyt sett over eitt, og samtlege episodar held et jamt over eit solid nivå. Dei individuelle augneblinka er på si side litt mindre slagkraftige, men det hindrar ikkje opllevinga frå å vere eit engasjerande, rørande, intenst og ektefølt speleventyr.»

Om du ikkje kan få nok av The Walking Dead-universet treng du ikkje fortvile over at den andre sesongen er ferdig. I sommar blei det klart at serien får ein tredje sesong. Telltale har samtidig ei rekke andre prosjekt på gang. Først ut er ein tur til Gearbox sitt Borderlands-univers, før dei tek oss med til enormt populære Game of Thrones.

Siste fra forsiden