The Witcher 3-datoen er klar

CD Projekt Red feirar dato med lekker ny trailer.

Det herskar liten tvil om at The Witcher 3: Wild Hunt er eit av dei aller mest etterlengta spela akkurat no. Difor var nok skuffelsen stor blant mange då det for nokre månader sidan blei klart at rollespelet ikkje ville kome i år likevel. Kalaset blei utsett til februar neste år, og med det fekk vi eit mindre storspel å kose oss med i tida før jul.

Datoen er klar

I dag hadde CD Projekt Red ei direktesending der dei kunngjorde den endelege lanseringsdatoen for The Witcher 3: Wild Hunt. Spelet kjem i sal 24. februar neste år, og blir som vanleg frå CD Projekt Red heilt utan DRM av noko slag.

Ikkje eit rollespel utan eit krakilsk monster.
Ikkje eit rollespel utan eit krakilsk monster.

Vi kika godt og grundig på The Witcher 3: Wild Hunt under fjorårets E3-messe, vi hadde gode ting å fortelje:

«Det eg fekk sjå av The Witcher 3: Wild Hunt gjorde at eg gler meg enormt til å få kloa i spelet. Den opne, dynamiske verda, dei varierte områda, og moglegheita til å påverke samfunnet rundt deg gjer at dette verkeleg appellerer til min spelsmak. Spelet såg også nydeleg ut, og Geralt framstår framleis som den svært komplekse og interessante spelfiguren vi kjenner frå de tidlegare spela.»

For å feire den ferske lanseringsdatoen har utviklarane lagt ut ein rykande fersk trailer frå spelet som byr på mange scener vi ikkje har sett før. Her får vi sjå blodige kampar blanda med drama og mørke, akkurat slik vi kjenner The Witcher-serien. Traileren kan du sjå nedanfor.

The Witcher-fans bør for øvrig få med seg vårt intervju med The Witcher-forfattarane.

 

Kommentarer (30)

Forsiden akkurat nå

Til toppen