The Witcher 3 får store mengder gratis DLC

CD Projekt Red går til i strupen på moderne DLC-praksis.

I slutten av februar neste år lanserer polske CD Projekt Red det tredje spelet i sin svært populære The Witcher-serie. Som med dei fleste spel no til dags vil ikkje spelet du får på lanseringsdagen vere alt utviklarane tilbyr av opplevingar. I The Witcher 3: Wild Hunt vil du få ei solid dose ekstrainnhald, men der andre utviklarar gjerne tek godt betalt for slikt, har CD Projekt Red valt ei anna rute.

I eit ope brev på The Witcher-nettsidene forklarar CD Projekt Red-sjef Marcin Iwińsk standpunktet til selskapet:

«Vi elskar spel. Vi elskar å samle dei, spele dei, og alt rundt dei. Med kvart nye spel forventar vi å bli tatt hand om. Vi forventar støtte om vi støter på problem. Vi elskar oppdateringar som forbetrar opplevinga, og vi føler oss verdsette når vi får gratis innhald som gir oss meir enn vi opphaveleg betalte for. Det treng ikkje vere mykje. Det kan vere ei kul ny drakt for ein karakter, eit ekstra sverd eller rusting», fortel han, og held fram:

The Witcher 3: Wild Hunt lovar store område og mykje valfridom.

«Diverre er slikt ganske sjeldan kost i desse dagar. Som spelarar må vi klamre oss fast til lommebøkene våre. Nye og freistande bitar med innhald har ein tendens til å bli tilgjengelege rett etter lansering, med ein høg prislapp. Har ikkje eg nett betalt store summar for eit heilt nytt spel?»

«Hos CD Projekt Red meiner vi dette ikkje er måten ting burde fungere på, og med The Witcher 3: Wild Hunt har vi bestemt oss for å gjere noko anna. For å gå rett på sak, alle som kjøper Wild Hunt vil få 16 bitar med DLC heilt gratis, uavhengig av plattform og kva utgåve av spelet du har kjøpt.»

Nytt innhald kvar veke

Planen til CD Projekt Red er å lansere ein bunke DLC kvar veke i vekene etter at spelet er lansert. Den første bunken blir lansert dagen etter lanseringa 24. februar, medan den andre bunken blir lansert nøyaktig ei veke seinare.

I den første bunken får vi eit nytt rustningsett til Geralt og hesten hans, samt nye hår- og skjeggstilar. Veka etterpå får ein av personane i The Witcher 3 ei ny klesdrakt, i tillegg til at eit nytt oppdrag vil bli gjort tilgjengeleg.

To nye delar med DLC vil bli lansert kvar veke etter det, men kva innhaldet i dei bunkane er, har ikkje CD Projekt Red sagt noko om enno. Som nemnt vil alle som kjøper The Witcher 3: Wild Hunt få alt ekstrainnhaldet gratis, og det spelar inga rolle om du kjøper samleutgåva av spelet, digital eller fysisk kopi, eller førehandskjøper spelet.

Under Gamescom-messa i Köln i august slo vi av ein prat med CD Projekt Red, der fekk vi blant anna vite at The Witcher 3: Wild Hunt er 35 gongar større enn The Witcher 2.

Siste fra forsiden