The Witcher 3 kjem ikkje før til neste år

Utviklarane treng meir tid for å gjere ferdig det etterlengta rollespelet.

Eit av årets mest etterlengta spel for rollespelentusiastane har vore The Witcher 3: Wild Hunt frå polske CD Project RED. Spelet som kjem til PC, Xbox One og PlayStation 4 lovar å bli eit massivt og ope spel der du kan gå nøyaktig dit du vil frå starten. Spelet legg ingen sperrer på deg, og det einaste som hindrar din framgang er strengt tatt at utfordringane du møter blir for harde.

Spelet vil i tillegg by på moralske dilemma der handlingane dine får konsekvensar, medan du no berre får erfaringspoeng for å fullføre oppdrag, ikkje for å drepe fiendar.

Utsett til neste år

The Witcher 3: Wild Hunt vil by på store og frodige område.

CD Project RED har store planar for det tredje spelet om den barske helten Geralt, og store planar tek tid. I dag har CD Project RED i ei pressemelding sendt ut eit ope brev der dei fortel at jobben med spelet er så stor at dei har sett seg nøydde til å utsetje lanseringa av spelet. Originalt skulle spelet kome i sal mot slutten av året, men vil no ikkje bli lansert før februar neste år.

I brevet skriv eit knippe CD Project-toppar blant anna følgjande:

«Kjære spelarar. Vi veit at mange av dykk helst vil spele The Witcher 3 så snart som mogleg. Vi beklagar at de må vente lengre enn de, eller vi, opprinnelege antok. Samtidig er vi sikre på at spelet vil vere verdt ventetida, og møte forventningane de stiller oss. Vi trur The Witcher 3: Wild Hunt vil bil eit eksepsjonelt rollespel – eit av dei beste – og vil tilby mange timar med fantastisk underhaldning.»

Den siste biten der kan vår mann Marius Kjørmo seie seg einig i. Han tok ein kikk på The Witcher 3: Wild Huny under E3-messa i fjor, og var full av lovord om rollespelet:

«Det eg fekk sjå av The Witcher 3: Wild Hunt gjorde at eg gler meg enormt til å få kloa i spelet. Den opne, dynamiske verda, dei varierte områda, og moglegheita til å påverke samfunnet rundt deg gjer at dette verkeleg appellerer til min spelsmak. Spelet såg også nydeleg ut, og Geralt framstår framleis som den svært komplekse og interessante spelfiguren vi kjenner frå de tidlegare spela.»

Om du vil vite enda meir om The Witcher 3: Wild Hunt har vi gjort to intervju med CD Project RED om tittelen, det første med design artist Jonas Mattsson, og det nyaste med forfattar Jakub Szamalek.

Siste fra forsiden