Anmeldelse

The Legend of Zelda: Phantom Hourglass

Variabelt eventyr

Den grønkledde helten Link legg ut på eventyr i heilt ny stil, med varierande hell.

Eg skal vere ærleg og innrømme at dei siste Zelda-spela ikkje har imponert meg heilt. Dei har alle starta veldig bra, men utover det har dei ikkje prestert å motivere meg nok til å fullføre. Tankane går tilbake til storheitsdagane på Super Nintendo med A Link to The Past, og frykta for at Link aldri heilt skal nå storform igjen vekker ein viss melankoli. Zelda-serien har alltid vore av eit skyhøgt kaliber, men med Wind Waker og Twilight Princess har det i begge tilfelle vore ting som har øydelagt engasjementet mitt. Akkurat dette er dessverre tilfelle med Phantom Hourglass òg.

Slik styres angrep med pennen

Vis større

Video: Zelda: Phantom Hourglass #1

Stikkord:
  • action
  • eventyr
  • spill
  • ds
  • zelda
  • phantom hourglass


Vi kan starte med det positive. The Legend of Zelda: Phantom Hourglass er eit nydeleg stykke handverk. Aldri før har kontrollen over den vesle helten i grøne klede vore meir intuitiv og naturleg. Enkle stryk over skjermen får Link til å springe, rulle og angripe fiendar, og det gjer spelet til ei sann fryd å spele. Det er så velgjort at du ikkje eingong treng tenke på å bruke ein einaste knapp. Du kan gjere det for å få lettare tilgang på til dømes gjenstandar og kart, men det er på ingen måte nødvendig.

I tillegg til dette har Nintendo funne kreative og artige måtar å løyse oppgåver på. Kva seier du til å kopiere eit symbol fra den eine skjermen, til kartet ditt på den andre, ved å klappe saman DS-en? Dette er berre toppen av isberget. Du må blåse i mikrofonen for å slukke lys, og du vil kjapt gjere ein vane ut av å skrible ned viktig informasjon på kartet. Du får ei brennande kjensle av å vere ein ekte eventyrar, og dette har Nintendo fått til på ein måte du aldri før har opplevd.

Mykje av det originale som spelaren ikkje har opplevd før, skjer svært sjeldan. På den eine sida er det leit at det mest kreative ikkje skjer oftare, samtidig gjer det dei meir minneverdige.

Dermed er alt klart for å reise ut på tur i ei verd som er like sjarmerande og underhaldande som vi er vande med frå eit Zelda-spel. Du møter eit snodig og lattervekkande persongalleri, der den patetisk feige sjørøvaren Linebeck er kroneksempelet. Spelet er proppfullt av slapstick-humor som gir både spelet og persongalleriet varme og sjel du ikkje ser ofte. Spelet ivaretar den nydelege visuelle stilen frå The Wind Waker med stort hell, bortsett frå at du no ser alt i fugleperspektiv. Vi kunne kanskje fått meir enn ei handfull låter å høyre på, men dette er av dei minste problema med spelet.

Havgudens forbanning

Slik det av og til har seg i den interaktive verda skjer det eitt eller anna som verkeleg kan ta frå deg motet, og spytte på deg medan ei stemme ler og skjeller deg ut for å forvente for mykje. Til tider kan det verke som om Nintendo kasta alle ressursar inn i å skape det perfekte kontrollsystem på Nintendo DS, og dessverre fann ut at budsjettet var tomt då dei kom til eventyret i seg sjølv. Bevismateriale A for akkurat dette er Temple of the Ocean King – eit namn du sannsynlegvis vil kome til å ha vonde mareritt om.

Dette tempelet gir deg tidsbegrensning på å fullføre oppdraget ditt. Tida tikkar gradvis ned mot din visse død, men ved å springe til forskjellege sikre soner vil klokka stoppe. Første gangen er dette både utfordrande og underholdende, andre gong du må gjennom tempelet er det like spanande, sjølv om du må traske deg gjennom et nivå du allereie har fullført. Den tredje, fjerde, femte gongen og utover er det ikkje like festeleg. Poenget med tempelet er at du heile tida må gjennom det for å finne nye ting som kan hjelpe deg med å bekjempe vondskapen, og kvar gong må du gjennom nokre nye nivå i tillegg til dei du allereie har klarert.

Slik speldesign høyrer ikkje heime nokon stad. Jovisst, Nintendo er ein gjeng kløpparar på å skape engasjerande utfordringar, men etter at du har memorisert alt, endar du opp med å kjede deg medan du spring fra punkt A til punkt B med gjenstand C. Det er så lite kreativt at ein nesten får tårer i auga av at det skulle gå denne vegen med kjære Link.

Ei svart sky på blå himmel

Eit av problema med havgudens tempel er at spelet for det meste har skikkeleg god design. Dei forskjellege områda er kreativt utforma, med utfordringar du faktisk må tenkje litt for å løyse. Likevel blir dei aldri for bisarre til at du greier å løyse dei. Du vil reise mellom mange øyer på det store havet, og kvart nye område du reiser til har særpreg og stil nok til at du aldri kjedar deg. Kvifor Nintendo då skulle ty til dette forferdelege tempelet er utanfor mi fatteevne.

Riktignok får du etterkvart anledning til å teleportere deg sjølv inn i tempelet, men då må du først finne teleporteringspunktet. Problemet er at om du hadde dårlig tid då du fann dette punktet, vil du ha dårlig tid når du teleporterer deg tilbake igjen òg. Dermed må du kanskje traske gjennom alle nivåa i tempelet ein gang til.

Det er meir som kan kome til å kjede deg: Som i Wind Waker må du ut i båt. Du dorgar kanskje ikkje rundt i ein levande trebåt denne gong, men det gjer ikkje saka betre. I Phantom Hourglass teiknar du inn reiseruta di på kartet, før båten køyrer til målet ditt av seg sjølv. Dette tvingar deg til å sitte og døvt stirre på skjermen, sidan du må halde eit auge med kva som skjer. Som regel vil kva kvadratkilometer med sjø innehalde ein fisk, og desse kan jo finne på å angripe båten.

No høyrest det kanskje ut som om Phantom Hourglass er eit så fullt av irritasjonsmoment at det er vanskeleg å finne nokon verdi i det, men dette blir ikkje rettferdig. Når du ikkje er i båt, eller spring gjennom tempelet frå det varme infernoet under jorda, vil du ha det skikkeleg moro. Nintendo har sørga for å leggje inn artige sideoppdrag som til dømes å reise på skattejakt ute på havet. Der du må navigere ein krok mellom eksplosjonsklare miner for å finne skatten, før du må dra den i tryggleik utan.

Ein anna fin bonus kjem i form av ein fleirspelar-modus for to spelarar. På brett lettare inspirert av Temple of the Ocean King, må du plukke krystallar for å frakte dei tilbake til basen din. Medan du driv på med dette vil den andre spelaren sende tre enorme beist i svart rustning for å stoppe deg. Det får latteren til å sitje laust, og sjølv om du kanskje ikkje lar deg engasjere nok til å halde det gåande i fleire timar, bør du nok ikkje bli forundra om dette er den delen av spelet du har det mest moro med.

Konklusjon

The Legend of Zelda: Phantom Hourglass er både det beste og det dårlegaste Zelda-spelet på lang tid. Det har det definitivt beste kontrollsystemet serien har sett, og med fugleperspektivet sitt sender spelet deg på ein nostalgitur tilbake til A Link to The Past. Verda er fargerik og sjarmerande, og måtane du må løyse oppgåver på er kreativ og unik. Det er flott å sjå at vi har utviklarar som verkeleg tør å tenke nytt, og når du sit med ei maskin som let deg teikne på ein skjerm, kva er vel gale med å utnytte det til det fulle? Ingen verdas ting, og det har Nintendo innsett.

Det hadde vore ekstra hyggeleg om Nintendo hadde fjerna ting som eit tempel du må gjennom eit latterleg antal gongar, og passive båtreiser på havet. Ser vi bort frå desse to uromomenta er The Legend of Zelda: Phantom Hourglass ei flott reise på eventyr med ein god gammal helt.

Siste fra forsiden