Sniktitt

The Legend of Zelda: Twilight Princess

Nintendo har satt opp sin eigen vesle fornøyelsespark på E3 til ære for det nye Zelda-spelet. Det første området vi bevega oss inn i var ein mørk skog, med lydeffekter som nesten kunne overbevise deg om at det var ekte. På golvet var det prosjektert ein vanndam med fiskar og ei lita bru. Underhaldande nok reagerte alt dette på bevegelse. Om du trakka på vatnet, blei det bølger, og du kunne skubbe fiskane med hendene dine. God underhaldning for ei lita stund, men det var ikkje dette, eller mannen i Link-kostyme vi var her for å sjå på. Vi var her for å endeleg få sjå om det nye spelet er det alle Zelda-elskarar har venta på.

Kva skal ein sei? Dette er definitivt Zelda slik vi kjenner serien. Det var fire små demoar vi fekk anledning til å prøve, og alle desse bydde på svært forskjellige typar scenario. Den første demoen lot oss spele som Link i ein landsby, der vi måtte snakke med folk, ri på ein hest for å samle saman ein bøling med geiter, og ellers litt hyggeleg utforsking. Denne demoen var eit godt eksempel på den gode steminga i spelet, og vi fekk eit nærmare innblikk i karakterdesignen, som er veldig bra. I forskjellige sekvensar kom det også godt fram at dei forskjellige karakterane i spelet har eit solid arsenal med ansiktsuttrykk, noko som var med på å underbygge nokre ganske morosame sekvensar. Spelet er uanstendig pent, og demonstrerar nok ein gong kva Nintendo kan få til når dei set alle kreftene sine i sving.

Vidare bar det ut på hesteryggen, men akkurat det kjem eg tilbake til om litt. Lengre inne i lokalet enda vi opp ei eit mørkt og dystert fangehol der eit skjelett kasta seg mot stålstengene, og lyden frå piskeslag og plaga skrik prega lufta. Var det nokon som sa at Zelda: Twilight Princess er eit mørkare spel? Dei to demoane som blei presenterte her, introduserte oss for utforsking i ein mørk skog, og ein sjefskamp. Det er veldig tydeleg at det eigentleg ikkje er dei heilt store forskjellane å spore. Det meste er veldig likt som før, og kontrollloppsettet er heilt identisk med The Wind Waker. Dette seier seg nesten sjølv, kontrolloppsettet i The Wind Waker var (og er) upåklageleg, og å forandre dette hadde vore rimeleg meiningslaust.

Kamp frå hesteryggen
Det som verkeleg satte prikken over i-en i dag, var demoen med Link på hesteryggen. Hesten handterar perfekt, og du kan få den til å springe raskare ved å trykke på A (Link daskar hesten på rumpa). Animasjonen er fantastisk, og i staden for at hesten brått spring i ein anna vinkel, lener den seg til sida omtrent på same måte som karakteren din gjer i Fable. Ved å trykke på B kunne eg slå fiendane ned frå ryggen på beista dei rei på. Dette var likevel ikkje nok til at eg var trygg. Om eit ridedyr mista ryttaren, storma det heller rett inn i meg, med støttennene først, og gjor kva det kunne for å velte meg av hesten. Det varierte også kor mange som sat på kvart dyr. Nokre dyr hadde ein ryttar, andre hadde to, der den eine skaut på meg med brennande piler.

Noko eg nesten ikkje la merke til medan eg spelte, men som viser korleis denne verda har blitt brakt til live, er korleis været skifta undervegs. Då eg byrja å ri etter fiendane, var det natt, og regnet hølja ned over den store sletta (som eg for øvrig ikkje var i stand til å sjå nokon ende på). Ved slutten av demoen var det opphaldsvær og sol, før eg storma etter sjefen som var overhovud for fiendane eg nett hadde kjempa mot. Inne i eit slott enda eg opp i ein duell på ei lang smal bru. Her måtte eg store mot han i klassisk riddarstil, og helst slå og ikkje bli slått i det eg passerte han. Då denne karen ikkje var eit problem lengre, var dessverre demoen slutt.

Det er ingen tvil om at The Legend of Zelda: Twilight Princess er eit nydeleg spel. Nintendo pøsar på med alt dei har for denne tittelen, og det er noko som er veldig tydeleg. Atmosfæra i spelet er herleg, og dreg deg inn på majestetisk vis. Du vil verkeleg ikkje slutte å spele, for du storkosar deg noko så sinnssjukt. Alt ved Zelda er veldig velkjent, men samtidig veldig nytt. Det er som om du skulle brått møte din beste ven igjen etter tjue år. Han er akkurat det same som før, men på ein heilt anna måte. Link er tilbake for alvor.

Kommentarer (6)

Forsiden akkurat nå

Til toppen