THQ-eigedelar er nå solgt

Både spel og utviklarstudioer har fått nye eigarar etter dagens auksjon.

Tidlegare i dag skreiv vi om auksjonen som ville avgjere kva som skjer vidare med THQ sine eigendommar. No er det heile over, og både spel og utviklarar har fått nye eigarar. I eit brev THQ-sjef Jason Rubin har sendt sine ansatte – og som har blitt vidaresendt til Kotaku – får vi vite utfallet av auksjonen.

Rykta viste seg å stemme. Sega har kjøpt Relic Entertainment for 26.6 millionar dollar. Relic står bak spel som Company of Heroes og Warhammer 40K: Dawn of War. Dette salet inkluderer Company of Heroes.

South Park har enda opp hos Ubisoft.
South Park har enda opp hos Ubisoft.

Ubisoft har kjøpt rettane til å selje South Park-spelet frå Obsidian Entertainment for 3,3 millionar dollar. Akkurat dette spelet kan likevel gå ei usikker framtid i møte sidan South Park Studios meiner THQ ikkje har lov til å selje spelet vidare. Ved sidan av South Park-spelet har Ubisoft samtidig kjøpt THQ Montreal for 2,5 millionar dollar. Dette er i seg sjølv veldig interessant sidan THQ Montreal er det nye studioet til Patrice Désilets som tidlegare var ei viktig brikke i utviklinga av Ubisoft-serien Assassin's Creed. THQ Montreal-salet inkluderer titlane 1666 og Underdog.

Take-Two Interactive har kjøpt rettane til Evolve 10,9 millionar dollar , eit spel Turtle Rock Studios har jobba med.

Koch Media – eigarande av Deep Silver – har kjøpt både Volition, Inc og Metro-serien. Volition er utviklarane bak Saints Row-serien. Studioet og Saints Row gjekk for 22,3 millionar dollar. Metro på si side gjekk for 5,9 millionar, hakket over eit bud frå Ubisoft på 5,2 millionar.

Heilt til slutt kjøpte like godt Crytek Homefront-serien for skarve 500 000 dollar. Det første spelet i denne serien fekk ikkje heilt den mottakinga THQ hadde håpa på, men sidan Crytek allereie er i gong med å utvikle Homefront 2, er det kanskje ikkje så rart dei snappa opp rettane til serien.

Homefront-serien tilhøyrer no Crytek.
Homefront-serien tilhøyrer no Crytek.

Store spørsmål

Sjølv om vi no veit kva som skjer med fleire spel og utviklarar er det mykje vi framleis veit veldig lite om. Sega kjøpte Relic, men veit vi ikkje kva som skjer med Warhammer 40K-serien. Kock Media har kjøpt Volition, men kva som skjer med Red Faction-serien dei har utvikla er enno uvisst. Kvar WWE-lisensen endar opp er heller ikkje nemnt. Fleire THQ-lisensar var uansett ikkje ein del av auksjonen i dag, og vil få framtida si avklart på ein seinare dato.

Det aller største spørsmålet er likevel kva som skjer med Vigil og Darksiders-serien. I brevet frå Jason Rubin står følgjande:

«Om du er ansatt ved ei einig som ikkje er inkludert i salet, beklagar vi at stillinga di er over.»

Samtidig har DD Investing – som har følgt auksjonen – tvitra at det ikkje har kome eit einaste bod for Vigil. Med andre ord kan det sjå ut til at Darksiders-studioet har gått ein brå død i møte. Det er framleis tid for nokon å vise interesse for studioet, men om det ikkje skjer snart vil dei ansatte bli nøydde til å finne nye jobbar.

Kva som vil skje vidare med dei studioa som no er under nytt eigarskap er uvisst. Dei kan i beste fall halde fram som før, men avhengig av kva visjonar dei nye eigarane har, skal ein ikkje sjå bort frå at opptil fleire kan miste jobben.

THQ må no leggje fram resultatet av auksjonen for U.S. Bankruptcy Court for ei endeleg godkjenning. Samtidig fortel Polygon at ei investorgruppe har reagert svært negativt på auksjonen. Dei meiner den er orkestrert for å tene leiinga i THQ, og at selskapet er verdt mykje meir enn dei 70 millionar dollarane auksjonen har samla.

Les også: Ataris amerikadivisjon slår seg konkurs
Les også: Legends of Pegasus-utvikler konkurs

Kommentarer (34)

Forsiden akkurat nå

Til toppen