THQ Nordic kjøper krigsklassikarar

Hugsar du Delta Force, Commanche og F-22?

NovaLogic

For dei som har levd nokre år vil 90-talet gjerne minnast for stadige nye grafiske løft. Eit av studioa som stod i bresjen for lekker grafikk var NovaLogic, og deira fokus var først og fremst retta mot realistisk framstilling av krig.

NovaLogic blei kjende gjennom teknisk imponerande spel som jagarflyserien F-22, helikopterspela i Commanche-serien, og deira kanskje mest kjende serie; Delta Force.

I ei fersk pressemelding får vi no vite at THQ Nordic har kjøpt rettane til samtlege spel i NovaLogic-stallen. I tillegg til dei tidlegare nemnde titlane, inkluderer det seriar som Armored Fist og Joint Operations.

Har du ein glimrande idé?

Eit nytt Commanche-spel hadde gjort seg.
NovaLogic

THQ Nordic har ikkje avslørt konkrete planar for kva dei vil gjere med NovaLogic-spela, men fortel i pressemeldinga at dei er opne for å inngå samtaler med utviklarar som gode idear for korleis ein kan ta NovaLogic-spela vidare.

Om du skulle stusse litt på namnet THQ Nordic, er det ikkje rart. THQ gjekk konkurs i 2012, og fekk eigedelane sine auksjonert bort i starten av 2013. Nordic Games enda opp med å kjøpe mange av eigedommane til THQ Nordic, og kjøpte like godt rettane til THQ-namnet medan dei var i gong. Tidlegare i år skifta Nordic Games formelt namn frå Nordic Games til THQ Nordic.

Siste fra forsiden