Blogg

Ti år med skitsnakk

Eg er ikkje gammal, dei spør meg framleis om leg.

Det slo meg no i kveld at det i dag er heile ti år sidan eg for første gong provoserte fram reaksjonar hos norske spelentusiastar ved å spre eit forhatt språk ut til folk som helst gjer det dei kan for å unngå nynorsk.

Det er ganske sprøtt å tenkje på. Ti år er ganske mykje. Mange av lesarane våre akkurat no gjekk i barnehagen den dagen eg fekk min første artikkel publisert på den unge spelsida Gamer.no. Eg var stolt over å ha fått ein slik jobb, men korleis kunne eg vite kor enorm denne sida skulle bli? Korleis kunne eg vite at vi ville vinne pris fleire år på rad, stemt fram av lesarane, for å vere noregs beste nettstad for spel? Alt eg som ein ung 20-åring ville, var å skrive om spel.

"Jobbe her?" Stod det nede på ei side eg hadde oppdaga for litt sidan.

"Visst faen!" Tenkte eg, og sende inn ein søknad.

Vel, eg fekk den jobben, tydelegvis.

Eg skal ikkje gå ut i nokon lang tirade om alt eg har erfart gjennom desse åra. Men eg har mykje å takke Gamer for. Eg har hatt mange herlege turar til statane, mindre herlege turar til Tyskland. Eg har erfart å få drapstruslar på både norsk og engelsk, og eg har sett eit brukarsamfunn som har gått frå å reagere ganske sjokkert på språket mitt, til å ta det i hardt forsvar så snart ein ny lesar dukkar opp og rynkar på nasa. Noko som har vore fint, og tidvis rørande å vere vitne til.

Ti år med spel er mykje. Veldig mykje. Eg anar ikkje kor mange spel eg har spelt i denne tida. Sjølvsagt kan eg telje opp kor mange spel eg har skrive om, eg kan telje det som står i hylla (ein kastar jo ikkje spel!). Men det er likevel så mykje meir enn det. Ein digital kode her, ein debug-disk der, alt for mange spel på ei messe der borte. Eg har spelt så mange spel at eg i lengre periodar ikkje har gjort noko anna.

20-år gamle Øystein Furevik hadde sannsynlegvis fått hjarteflimmer om han fekk vite kva han skulle få vere med på dei neste ti åra. Kven han skulle få møte, kva han skulle få ta del i.

30-år gamle Øystein Furevik føler tida har flydd forbi, må smile litt. Og kanskje ta ein skål for seg sjølv.

Godt jobba? Eller..?

Siste fra forsiden