Sniktitt

Tom Clancy's Splinter Cell

PlayStation- og PlayStation 2-eigarar har i lang tid kunne fryde seg over kvaliteten på Metal Gear Solid og Metal Gear Solid 2. Splinter Cell frå Ubi Soft er spelet som lovar å sette ein stoppar for dette. Solid Snake skal få stor konkurranse når han snart tar turen innom Xbox- og PC-land, konkurranse i form av Sam Fischer og Third Echelon.

Third Echelon er ein underdivisjon av NSA (The National Security Agency). NSA si oppgåve er å ta alle førehandreglar for å sikre at USAs informasjonssystem blir sikra, og å bedrive etterretningsarbeid i andre land. Dei siste 50 åra har NSA bedrive eit relativt passivt arbeid med å samle data. Sidan samband blir digitale, og nye og betre metodar for overføring av data blir vanlege, er ikkje eit passivt arbeid lenger nok. Her kjem Third Echelon inn. Her er det god gammaldags spionasje, og litt moderne og teknisk overlegent utstyr som tel. Third Echelons oppgåver er å sikre USAs interesser, samle informasjon, og å arbeide i det skjulte. Historia er skriven av den bestseljande forfattaren Tom Clancy. Som dei fleste veit har Tom Clancy vore involvert i fleire prosjekt på spelfronten dei siste åra. No altså med Splinter Cell. Sam Fischer, ein topptrena Black-op blir sendt til Georgia for å finne to sakna CIA agentar. I løpet av spelet vil han måtte reise til Russland, USA og Myanmar.

Spektakulær grafikk
Ubi Softs siste tittel er ein maktdemonstrasjon av kva Xbox er i stand å produsere av grafikk. Splinter Cell kjem også til PC, og det ser ikkje mindre spektakulært ut der (det er enda ikkje offentleggjort planar for versjonar til PS2 og GameCube). Lysefektane i dette spelet er noko av det mest imponerande eg hittil har sett, uansett plattform. Og dei er ikkje berre ein viktig del av den visuelle stilen, men spelar og ei viktig rolle i kordan du spelar det. Ved mange tilfelle må du gøyme deg i skuggane, og om det er lite skuggar, kan du skyte ut lysa i lamper for å forbetre forholda dine. For å navigere gjennom skuggane er Sam utstyrt med Nattbriller.

Desse har i tillegg ein varmesyn-funksjon. Når du slår på varmesynet kan du sjå fiendar gjennom visse veggar og forskjellige typar stoff. Veldig praktisk om du er i ei ventilasjonssjakt og er usikker på om det er nokon under deg. Realistiske skuggar når nokon går gjennom lyset, kan røpe posisjonen til ein fiende. Om du ikkje er forsiktig nok, kan det vere din eigen posisjon som blir røpt. Dette er eit lite teikn på kva spelet har å by på. Fysikken i spelet er og veldig bra. Flagg, gardiner og liknande, vil reagere på vind, bevegelsar og kuler. I tillegg kan skyggar bli brotne gjennom dei. Men sjølv om du har kontroll over omgivingane, og kan høyre og sjå andre, er det ikkje alltid like enkelt å vite kor godt skjult du er. Derfor er det ein målar nede i høgre hjørne som viser kor synleg, og kor mykje lyd du lagar til ei kvar tid.

Sam er utsyrt med ein lyddempa pistol og ei sniper rifle. Rifla er utstyrt med ein granatkastar som blant anna kan brukast til å skyte "sticky camera". "Sticky camera" er små kamera som kan skytast på ein vegg, slik at ein kan studere eit område før ein brasar inn. I tillegg har Sam eit fiberoptisk kamera som kan brukast til å sjå rundt hjørne, eller innsida av eit rom. For å kunne lytte til samtaler utan å røpe seg sjølv har han eit såkalla "Tactical Audio Kit" (TAK). Dette er ein mikrofon som kan lese vibrasjonar på visse overflater, og kan fange opp samtaler. Enda ei smart innretning er kamera-blokkaren som kan øydelegge nettverket til sikkerheits kamera, slik at Sam kan bevege seg usett i fiendtleg territorium.

Må ikkje ta liv
AI-en (kunstig intelligens) er ei blanding av script og reine AI-reaksjonar. Fiendane vil reagere på Sam, men også på forandringar i miljøet. Fiendar vil samarbeide, og prøve å omringe deg. Nokon vil kanskje prøve å finne eit høgre punkt å angripe deg frå, slik at dei får eit overtak. Å angripe mange fiendar samtidig er med andre ord ikkje alltid like lurt. Men om du ikkje er fan av å skyte deg fram i eit spel, så er det ikkje sikkert du må det. Det skal faktisk vere mogleg å spele gjennom heile spelet utan å drepe nokon i det heile tatt, men dette krev store ferdigheiter frå spelaren si side.

Det kan ikkje forventast at Sam skal kunne gjere alt på eiga hand, derfor vil Oberst Irving Lambert debrife Fischer om dei forskjellige oppdraga, og vil introdusere han for andre spesialistar på forskjellige emne. Desse er alt frå felt operatørar til dataspesialistar, og vil gå meir i detalj om dei forskjellige oppdraga sin natur. Ein Field Runner vil føre Sam til starten på eit oppdrag, og vente ved eit førehandsbestemt møtepunkt ved oppdragets slutt. I løpet av spelet vil Sam måtte ta på seg mange forskjellige oppdrag, som for eksempel å infiltrere bygningar, befri fangar, møte agentar og få tilgang til datamaskiner. Av og til må ein vise kor rask ein er, og kor godt ein beherskar dei forskjellige våpna.

Splinter Cell lovar opptil 15-20 timar med speletid, og er sikta mot utgiving 28/11-2002 for PC-versjonen og 14/11-2002 for Xbox-versjoen. Xbox-versjonen av Splinter Cell vil som einaste versjon ha fleire brett, og moglegheita for å spele online. Om det lev opp til forventningane gjenstår å sjå, men om det innfrir så har vi ei perle å sjå fram til.

Siste fra forsiden