Tomb Raider kjem til neste generasjon

Lara Croft får seg eit solid grafisk løft på nyåret.

Tidlegare i år møtte vi Lara Croft slik vi aldri har sett ho før. Den spenstige arkeologen blei i si tid først kjent som ein beintøff dame med solid sexappeal, men i Crystal Dynamics nytenking av heltinna møtte vi ei ung jente som måtte ut på livsfarlege eventyr for alle første gong.

Under prisutdelinga VGX i natt norsk tid kunngjorde Crystal Dynamics og utgjevaren Square Enix at Tomb Raider-spelet vil dukke opp på PlayStation 4 og Xbox One 31. januar. Spelet vil ikkje berre bli ei direkte konvertering av eventyret vi allereie har sett på Xbox 360, PlayStation 3 og PC, men vil kome med mange nye grafiske forbetringar.

Visuelt løft

Konsollspelarar kan no få med seg den imponerande hårsimuleringa TressFX.
Konsollspelarar kan no få med seg den imponerande hårsimuleringa TressFX.

I tillegg til å by på den tidlegare PC-eksklusive hårfysikken TressFX som modellerer kvart hårstrå individuelt, har Crystal Dynamics laga ein heilt ny modell av Lara. Denne har fleire detaljar i både polygonar og teksturar, og spelet blir servert i full 1080p på både Xbox One og PlayStation 4.

I tillegg til ein ny Lara-modell har verda rundt heltinna fått fleir oppgraderingar. Nye fysikkmodellar blir brukt for å skape realistiske tre, planter, klede og lys, samt at alle teksturar i spelet no kjem i mykje høgre oppløysing. I tillegg byr Definitive Edition på alt det nedlastbare innhaldet frå dei tidlegare versjonane av spelet.

Både PlayStation 4- og Xbox One-versjonane av spelet vil få unike element. Spelar du på PlayStation 4 vil til dømes lyset på kontrollaren lyse opp om du tenner ein fakkel eller skyt med eit våpen. Hakket meir praktiske funksjonar finn vi på Xbox One der du med Kinect vil kunne navigere menyar og sjekke ut gjenstandar med både stemma di og handrørsler. Du vil òg kunne lene deg frå side til side for å få Lara til å gjere det same.

Om du lurer på om Tomb Raider: Definitive Edition er noko du bør få med deg kan det vere ien idé å få med seg vår vurdering av originalspelet.

Tomb Raider: Definitive Edition kjem i sal for Xbox One og PlayStation 4 31. januar.

 

 

Kommentarer (26)

Forsiden akkurat nå

Til toppen