Tomb Raider: Anniversary til Xbox 360

Til hausten kan du laste ned det siste Tomb Raider-spelet frå Xbox Live. Spelet vil bli distribuert gjennom fire episodar, men kun til dei som allereie har kjøpt Tomb Raider: Legend. Dei to første episodane vil bli tilgjengelege i september, medan dei to siste vil bli å få tak i kort tid etterpå. Om du ikkje har Tomb Raider: Legend er det uansett ingen grunn til å fortvile. Ein butikkversjon av spelet vil kome seinare i år.

Skjermbilde frå Tomb Raider: Anniversary
Skjermbilde frå Tomb Raider: Anniversary

Tomb Raider: Anniversary er ein restaurert versjon av det alle første Tomb Raider-spelet som kom i 1996. Totalt sett har serien solgt 32 millionar kopiar på verdsbasis, og er ein av tidenes bestselgande seriar. Serien har òg blitt filmatisert.

Å kunne laste ned spel frå Xbox Live er ikkje noko nytt, men dette er første gong eit spel av denne storleiken blir tilgjengeleg gjennom tenesta. Kor mykje plass spelet vil ta på harddisken din, er enno ukjent. Det er likevel liten tvil om at det vil ete opp ein solid porsjon av det du har tilgjengeleg. Om dette er eit hint om korleis ting blir i framtida, er det nok ikkje til å kome utanom at nye harddiskar snart blir nødvendig for mange.

Dei fire episodane vil samanlagt koste deg 2400 Microsoft-poeng. Dette tilsvarar omlag 200 norske kroner.

Kommentarer (1)

Forsiden akkurat nå

Til toppen