Torchlight 2 for stort for Xbox

Runic slit med kapasiteten på Xbox 360.

Torchlight 2 ser ut til å bli eit omfattande spel. Oppfølgjaren til suksessen frå i fjor blir så stort og omfattande at utviklarane trur det blir vanskeleg å få det til å fungere på Xbox 360. I motsetning til det første Torchlight-spelet vil Torchlight 2 krevje eit mykje meir omfattande arbeid for å kunne køyre akseptabelt på konsollen.

Der Torchlight 1 hadde ein by kopla til mange soner, vil Torchlight 2 ha ei stor og omfattande verd full av ulike område og eventyr. Dette byr på ei solid teknisk utfordring sidan minnekapasiteten på Xbox 360 ikkje er den største.

Skjermbilete frå Torchlight 1.

– Om Torchlight 2 kjem til Xbox 360 vil det sannsynlegvis få omfattande endringar. Vi klarte å dytte Torchlight 1 inn på maskina, men det var berre så vidt, fortel Runic-sjef Mac Shacfer til Eurogamer.

Om du lurer på kvifor andre utviklarar med større og meir omfattande spel får til jobben, har Schafer ord som kan kaste lys over dette òg:

– Som du kanskje har merka går bileteoppdateringa i Torchlight 1 litt saktare når det skjer svært mykje på skjermen. Det er fordi spelet ikkje er designa for maskina, og har berre blitt stappa inn på den. Vi er veldig bevisste på å berre fokusere på ein ting om gangen, og akkurat no er det å få Torchlight 2 klart for PC. Neste stopp er Mac-versjonen.

Det ser med andre ord ut til at om du vil ha spelet ditt ut på ein konsoll kan det vere lurt å planleggje det frå starten av. Dette kan derimot vere ein stor jobb for eit lite utviklarstudio, og det er forståeleg at ein vel å fokusere på ein ting av gangen.

Sjekk vår Spelkalender for sleppdatoar. Her får du full oversikt over når dine favorittspel kjem!

Siste fra forsiden