Torment-Kickstarter i mål på rekordtid

Folkefinansiering for Planescape-oppfølgjar nådde målet etter berre nokre timar.

Måndag blei det klart at inXile ville starte ein ny Kickstarter-kampanje for å lage ein oppfølgjar til det legendariske rollespelet Planescape: Torment. inXile hadde stor suksess i fjor med ein Kickstarter for det tradisjonelle rollespelet Wasteland 2, og sjølv om dette spelet enno ikkje er ferdigutvikla, har dei i dag kasta seg på folkefinansiering igjen.

Grunnen til at dei ikkje har venta til Wasteland 2 er ferdig, er at arbeidet til fleire av Wasteland 2-utviklarane er ferdig. For å unngå å gå arbeidsledige må dei difor hive seg i gong med neste prosjekt.

Det ser på ingen måte ut til at nokon hos inXile treng frykte for arbeidsplassane sin. Etter berre seks timar har Kickstarter-kampanjen for Torment: Tides of Numenera nådd målet sitt på 900 000 dollar. Med det er altså alt klart for at vi endeleg får ein oppfølgjar til Planescape: Torment frå 1999.

Konseptbilete frå Torment: Tides of Numenera.
Konseptbilete frå Torment: Tides of Numenera.

Nytt univers

Torment: Tides of Numenera blir ikkje ein direkte oppfølgjar til Planescape: Torment. inXile eig berre rettane til namnet Torment, men ikkje til Planescape. Planescape er originalt eit Dungeons & Dragons-univers skapt av TSR, men no eigd av Wizards of the Coast. InExile vil i staden bruke det nye universet Numenera. Dette universet er skapt av Monte Cook som i si tid skreiv innhald for det originale Planescape-universet.

Cook er ikkje den einaste Planescape-veteranen som er med på å utvikle Torment: Tides of Numenera. Colin McComb tek rolla som sjefsdesginer, og han samarbeida tett med Chris Avellone under utviklinga av av Planescape: Torment. Chris Avellone er ikkje med på utviklinga av det nye Torment-spelet sidan han er oppteken med Obisidians Project Eternity, men han har gjeve spelet si fulle støtte.

I tillegg til desse finn vi fleire av dei same kunstnarane som enten jobba med Planescape for TSR, eller på Planescape: Torment. Enda eit pluss i margen for det nye Torment-spelet er at dei har huka inn Planescape: Torment-komponisten Mark Morgan for å skape musikken. Produsent for spelet blir Brian Fargo som produserte det orginale Planescape: Torment.

Mørk fantasi

I Numenera-verda har fleire sivilisasjonar kome og gått. I Torment: Tides of Numenera går vi inn i det som har fått namnet «den niande verda». Dette vil seie at åtte tidlegare tidsaldrar har gått til grunne av ulike årsaker, og vi no lev i den niande. Sjølv om vi blir presentert for ei middelaldersk verd, vil vi finne restar frå tidlegare tider. Desse restane kan vere alt frå flygande byar til mekaniske gjenstandar, og alle slike etterlevningar frå fortida går under namnet numenera.

I denne verda finnest ein skapning som har utnytta numenera for å få evig liv. Dette kan han ha gjort ved å lure døden eller ved å hoppe gjennom tidene ved å byte kroppar. Det skapningen ikkje var klar over var at kroppane han la frå seg kunne bli bevisste. Du spelar ein av desse kroppane, og du må finne den eldgamle skapningen sidan ein engel har vakna til live og vil ta knekken på dykk begge.

Ei verd du kan leve i?
Ei verd du kan leve i?

Tradisjonell stil

Torment: Tides of Numenera blir eit rollespel i isometrisk stil for ein spelar. Du vil berre spele ein person, men om du vil kan du samle deg eit følgje. Utviklarane lovar via Kickstarter-sida si at spelet vil by på ei djup historie med rik tematikk. Dei vil ta opp vanskelege tema, og dei gjentek fleire gongar spørsmålet: Kva er eit liv verdt?

Historia skal bli omfattande, men samtidig personleg. Utviklarane legg vekt på val og reaksjonar, og kva konsekvensar desse vil få. Samtidig fortel utviklarane at dei vil du skal ha ein god grunn til å spele spelet om igjen, og at dei aldri vil fortelje deg korleis du skal spele. Som med Planescape: Torment satsar dei på at du skal kunne spele gjennom Torment: Tides of Numenera utan å drepe nokon, om du vil.

Spelet vil sjølvsagt ha eit fokus på kamp, men utviklarane er klare på at dette ikkje er eit actionrollespel. Dei har fleire idear for korleis kampane vil utarte seg, men vil gå nærare inn på dette i dialog med dei som støttar prosjektet.

Kickstarter-sida for spelet er stappfull av informasjon (så mykje at inXile nådde tekstrgrensa), og er vel verdt ein kikk om du er interessert i mytologien rundt spelet.

Torment: Tides of Numenera vil bli tilgjengeleg for Windows, Mac og Linux i desember 2014.

Les også: Planescape: Torment-skaperen vil bistå Wasteland 2
Les også: Rollespillveteraner viser nytt spill for første gang

Kommentarer (17)

Forsiden akkurat nå

Til toppen