Torment-oppfølgjaren sette Kickstarter-rekord

Ingen Kickstarter-spel har samla inn meir pengar.

For ein månad sidan lanserte inXile ein Kickstarter-kampanje for å lage ein oppfølgjar til det legendariske rollespelet Planescape: Torment. Den kampanjen blei ein braksuksess, og etter berre seks timar nådde dei målet på 900 000 dollar. Flodbølgja av folk som ville støtte spelet roa ned noko etter den første dagen, men inXile har likevel klart å samle inn store summar.

I går blei kampanjen avslutta, og totalt samla den inn rett i underkant av 4,2 millonar dollar. Det er ny rekord for Kickstarter, og Torment: Tides of Numenera er no det mest innbringande spelet på sida.

Torment: Tides of Numenera vil bli utvikla av det som på mange måtar kan kallast eit draumelag. Fleire av utviklarane som var med på å lage Planescape: Torment er med på oppfølgjaren òg. Blant dei finn vi folk som Colin McComb som var designer på Planescape, Monte Cook som skapte mykje av verda i Planescape-universet, samt Mark Morgan som komponerte musikken i det originale Planescape.

I løpet av Kickstarter-kampanjen har inXile samla inn nok pengar til å hyre inn fleire kjende ansikt som vil hjelpe til med utviklinga. Mest kjende av dei er definitivt Chris Avellone frå Obsidian Entertainment. Han var sjefsdesigner på Planescape: Torment, og vil no oversjå historia i Torment: Tides of Numenera.

inXile går for tjukk stemning i Torment: Tides of Numenera.

Ny verd

Planescape: Torment brukte Dungeons & Dragons-verda Planescape som utgangspunkt. Denne verda har ikkje inXile sikra seg rettane til, og det nye spelet vil difor skje i den nye verda Numenera, skapt av Monte Cook.

Tidlegare i veka fekk vi våre første glimt frå det nye spelet. Utviklarane har valt å gå for todimensjonale bakgrunnar der figurane i verda er laga i 3D. Gjennom to skjermbilete og eit par korte videoar får vi sjå svært tidlege versjonar av korleis utviklarane tenkjer seg at spelet skal sjå ut.

Torment: Tides of Numenera var i utgangspunkt tenkt å bli ferdig til slutten av neste år. Sidan kampanjen samla inn mykje meir pengar enn utviklarane såg føre seg, vil dette føre til ein lengre utviklingsperiode. Om alt går etter planen vil Torment: Tides of Numenera kome i sal tidleg i 2015.

Les også: – Vi prøver å gjenskape følelsen fra Planescape: Torment Les også: Planescape: Torment relansert

Siste fra forsiden