Total War: Attila har fått dato

Vikingane gjer sitt inntog i spelets første utviding.

Det ferskaste spelet i strategiserien Total War har nett fått lanseringsdato. I ei pressemelding fortel Sega at Total War: Attila vil bli tilgjengeleg frå og med 17. februar. I dette spelet får Roma stor konkurranse frå Hunaren Attila. Roma og Hunarane er likevel ikkje dei einaste fraksjonane som går til krig i dette spelet.

På same dag som spelet lanserast blir og den første dosa med ekstrainnhald lansert. Denne har fått namnet Viking Forefathers Culture Pack, og byr som namner seier på vikingraid. Her møter vi tre nye fraksjonar; danskar, jyder og gøtarar. Dei vil alle ha eigne soldattypar og farkostar. I tillegg vil dei ha eigne oppdrag og unike kulturar.

Alle som førehandskjøper Total War: Attila får vikingane med på kjøpet, men alle andre må finne seg i å punge ut.

Klimaendringar og sjukdom

Vikingane legg ut på tokt i Total War: Attilas første ekspansjon.

Ved sidan av den vande krigføringa vi kjenner frå ei lang rekke Total War-spel, byr Total War: Attila på nokre nye element som kan få mykje å seie for opplevinga di. Klimaet er i endring, og kaldare levekår byr på sine eigne utfordringar i form av matmangel og sjukdom. Uforsiktige spelarar kan i verste fall spre pest frå by til by når soldatane marsjerer.

Som om det ikkje var nok kan du jamne landsbyar med jorda. Skulle du finne ut at du ikkje er i stand til å stå i mot fienden kan du trekke deg tilbake, og brenne ned byar for å stogge framgangen til fienden. Slikt kan få utslag i kamp òg, sidan brannar kan leve sine eigne liv, og nedbrente byar kan påverke moralen til både deg og fienden.

Om du er ein fersk Total War-spelar, eller berre er nysgjerrig på kva serien har vore gjennom, bør du ta ein kikk på vår feature om Total War-seriens historie.

Siste fra forsiden