Total War: Rome II blir større

Cæsar går til krig mot gallarane.

Når vi tenkjer på gallarane her i Noreg går tankane sannsynlegvis raskt til Asterix og Obelix sine endelause oppgjer med Julius Cæsar. Like potente krigarar finn vi neppe i Total War: Rome II, men Creative Assembly har likevel i ei pressemelding kunngjort den første ekspansjonspakka til det populære strategispelet.

Utvidinga får namnet Caesar in Gaul, og vil som namnet seier handle om Cæsar sin krig mot gallarane. Utvidinga vil by på ei historie som går føre seg i løpet av berre nokre få år, og vil såleis by på ei meir fokusert handling enn kva Total War-serien har for vane å by på.

Historisk krig

Vinteren er på veg til Total War: Rome II.
Vinteren er på veg til Total War: Rome II.

Caesar in Gaul vil introdusere oss for eit nytt kart som dekker Gallia og den britiske sørkysten. Kartet er delt opp i 18 ulike provinsar. På dette kartet vil du herje i tidsperioden 58 f.Kr til 51 f.Kr. Sidan tidsrommet etter forholda er ganske kort har kvart år blitt delt opp i fire årstider som alle vil merkast i spelet i form visuelle og speltekniske endringar.

Nøyaktig korleis været vil påverke spelet går ikkje pressemeldinga i detalj på, men det er naturleg å tenkje seg at krigføring i snø og kulde blir noko heilt anna enn krigføring ein mild sommardag.

Caesar in Gaul let deg spele som ein av fire fraksjonar. I tillegg til den romerske sida kan du velje mellom galliske Arverni, germanske Svebarar og belgiske Nervii. Utviklarane lovar at du vil merke tydeleg forskjell midtvegs i kampanjen avhengig av om du spelar som romar eller barbar. For barbarane vil det romerske jarngrepet rundt Gallia gjere seg stadig tydelegare, medan romerske spelarar vil merke seg det barbariske opprøret yttarst i provinsane.

På tampen fortel Creative Assembly at utvidinga vil by på strammare kampar for to mot to spelarar. Blant anna grunna sine meir kompakte kart ikkje vil ikkje desse kampane vere fullt så tidkrevjande som før.

Vi var ikkje heilt overbeviste då Total War: Rome II blei lansert tidlegare i haust. Ei rekke feil og manglar rota til det som kunne ha vore eit svært godt spel. Sidan den tid har Creative Assembly oppdatert spelet fleire gongar med mål om å fikse på desse problema.

Total War: Rome II – Caesar in Gaul kjem i sal for PC 12. desember.

Kommentarer (14)

Forsiden akkurat nå

Til toppen