Totalrenovering for Ninja Gaiden 3

Team Ninja byr på mykje nytt i Wii U-versjonen av ninjaspelet.

Ninja Gaiden 3 var eit solid stykke underhaldning, men det var samtidig ein veldig strømlinjeforma variant av den ein gong så brutale serien. Den store utfordringa var borte, og nye element var lagt til for å gjere spelet meir tilgjengeleg for eit større publikum.

Problemet med dette er at Ninja Gaiden-fansen ikkje vil ha eit tilgjengeleg spel. Dei vil ha eit kompromisslaust produkt som byr på nådelause utfordringar.

I den komande Wii U-utgåva som har fått namnet Ninja Gaiden 3: Razor's Edge, har Team Ninja gjort fleire store endringar for å kome kritikken i møte, får vi vite i ei pressemelding. Ei av dei største endringane er at vi får fleire nye våpen å rutte med som kan oppgraderast på same måte som i dei tidlegare spela. Karma-poeng kan brukast til å forbetre både våpen, magi, lære nye angrep, og kjøpe opp nye kostyme.

Om det er ein solid blodsprut du er på jakt etter kan du slutte å leite.
Om det er ein solid blodsprut du er på jakt etter kan du slutte å leite.

I tillegg vil fiendane bli farlegare. Som i tidlegare spel kan stygt såra fiendar framleis utgjere ein solid trugsel sjølv om dei har mista ein arm eller ein fot.

Eit anna stort tilskot til spelet er at du no kan spele som Ayane. Ho hadde ikkje ei stor rolle i originalspelet, men no får vi spele som ho gjennom fleire kapittel. Det er derimot ikkje den einaste staden vi får styre den farlege dama. Ninja Gaiden 3: Razor's Edge kjem med ein samarbeidsmodus der to spelarar får hoppe inn i skoa til både Ryu og Ayane.

Dette er langt frå alt Ninja Gaiden 3: Razor's Edge har å by på av ekstra smågodt. Spelet introduserer Test of Valor som er ulike kamparenaer der du kan kjempe mot bølgje etter bølgje med fiendar. Her kan vi møte alt frå patetiske fotsoldatar til sjefar frå tidlegare spel.

Naturlegvis blir skjermen på Wii U-kontrollaren teken i bruk, og ved å trykke på skjermen kan du endre våpen, Ninpo-angrep, og på praktisk vis få ei oversikt over kva knappekombinasjonar som krevst for ulike angrep medan du spelar.

Ninja Gaiden 3: Razor's Edge kjem i sal for Wii U 11. januar.

Les også: Slakt zombier i Ninja Gaiden Z
Les også: Anmeldelse: Ninja Blade

Kommentarer (1)

Forsiden akkurat nå

Til toppen