– Turneringar blir betre med Kinect

Kinect kan hente inn alle innstillingane dine på eit blunk.

Så langt har vi ikkje sett så alt for mange gode grunnar til at kvar Xbox One må seljast saman med Kinect. Kameraet har fått seg ei solid oppgradering sidan førre utgåve, men det er få som verkeleg har gått i detalj på kvifor dette er ein god ide.

No byrjar derimot interessante detaljar å kome fram. Under slåsespelturneringa EVO 2013 i helga fortalde Adam Isgreen frå Microsoft om ein del mogelegheiter som kan gjere livet svært mykje lettare om du spelar slåssespel, får vi vite via Eurogamer.

«Sei til dømes at de er åtte stykk som vil spele. Eg veit mange er redde for å ha eit kamera i rommet, men det kule med å berre kunne setje seg ned er at kontrollaren tilpassar seg deg når du plukkar den opp. Den kan knappane dine, den veit korleis du likar spele, og den veit kva karkterar du likar å spele med.»

Microsoft meiner Kinect vil gjere mykje godt for slåssespela.

Forbetra Kinect

Alt dette blir mogleg fordi Kinect-kameraet no er så presist at det kan kjenne igjen personar på eit blunk. Eit infraraudt lys på kontrollaren sender i tillegg signal til kameraet slik at Xbox One veit kva kontrollar kvar person har i henda.

«Du kan berre seie «start», og du er i gong. Maskina veit kvar du er i ei turnering, og vil automatisk finne dei riktige kampane for deg,» fortel Isgreen, før han held fram:

«Om du har ein karakter du elskar vil maskina kanskje velje karakteren automatisk. Alt dette er mogleg på Xbox One, til og med midt i ein kamp. Du kan spele, gi meg kontrollaren, og den vil tilpasse seg mine preferansar.»

Kommentarane til Isgreen kjem i samband med slåssespelet Killer Instinct, men ein skal ikkje strekke tankane langt for å sjå føre seg korleis ein kan dra nytte av dette i spel som FIFA eller Halo, for å nemne noko. Plagsame menypauser for å skifte kameraoppsett, eller lange seansar der kvar spelar skal setje saman laga sine kan vere historie.

Det heile kjem sjølvsagt an på om Kinect blir like presist heime i stova som Microsoft påstår.

Les også: Sniktitt: Crimson Dragon Les også: Sniktitt: Ryse: Son of Rome

Siste fra forsiden