Sniktitt

Turok

Ein ny epoke for dinosaurar og skytevåpen er på veg. Turok er tilbake frå dei døde, og vi gledar oss som små barn.

Eit nytt Turok-spel er på veg, og du har lov til å være skeptisk om du ikkje var heilt overbevist over kva Acclaim komponerte med Turok Evolution i 2002. Sidan den tid har Acclaim merkeleg nok gått duken, og lisensen for Turok har gått over til Buena Vista Games. Jobben med å bringe Turok over til neste generasjon har gått til Propaganda Games, og det kan sjå ut som om du kan gløyme alle vonde tankar du skulle ha om dinosaurar og menneske i same verd. Turok lovar godt for dei som aldri kan få nok av dinosaurar og store skytevåpen.

Det nye Turok-spelet er eit fullstendig sjølvstendig spel. Det er verken oppfølgjar eller fortsetting på den tidlegare serien, og ein heilt ny hovudperson blir introdusert; Joseph Turok. Han er på oppdrag på ein ukjend planet for å få tak i Kane, ein kjeltring som har ei lita hærskare i ryggen. Du står ikkje aleine i jakta di, og får følge av ei gruppe soldatar som alle handlar etter eiga fri vilje. Du vil med andre ord ikkje finne nokon lagbasert spelestil i Turok.

Ein ny vri

Frå før har vi blitt vande med at Turok gjerne betyr dinosaurar med våpen, og merkelege skapningar som ser ut som kjærleiksbarnet til ein raptor og Rambo. Du finn ingenting av dette i Turok. Her møter du kun menneske, og dinosaurar i alle former og fasongar. Dinosaurane i spelet er modellert etter ekte dinosaurar, og sjølv om Propaganda kanskje tar seg små friheiter her og der, er hovudmålet å skape ei realistisk verd som du trur på. Akkurat dette er ei oppgåve dei har fått til med glans og eit stort pluss i margen. Dinosaurane ser uforskamma bra ut der dei stormar over skjermen og gjer livet ditt til eit komplett vanvidd.

Vi har fått demonstrert ein liten del av spelet der fleire viktige element blei vist fram. Blant anna har dei introdusert action-sniking. I staden for å liste deg fram i skuggane og plukke ned uvitande fiendar, går alt i eit skyhøgt tempo.

Du spring gjennom eit steinlandskap. Framfor deg står ein soldat med ryggen til, og du trekker fram kniven i det du spring mot han. Akkurat i det du hoggar til glir kameraet over til å sjå det heile frå utsida. Turok grip tak i soldaten, hoggar til med kniven, og kameraet er tilbake i førsteperson. Det heile går i eit enormt tempo, og det ser på ingen måte ut til at dette blir sekvensar som kjem til å bli irriterande å observere i lengda. Vidare plukkar du fram bogen. Framfor deg ser du ein fiende, og fyrer av eit skot. Framleis er det ingen som har oppdaga deg, men i det du bommar på neste fiende, og soldaten rekk å fyre av eit skot, bryt alt helvete laus. Brått kjem soldatar stormande mot deg og action-snikinga er over.

Herifrå beinar du fram med eit skytevåpen og skyt som ein galning for å overleve. I det du kjem til eit åpent område kjem det brått raptorar inn i galskapen, og det heile tar ei ny vending. I staden for å være ein kamp mellom deg og Kane sine soldatar. Blir det ein kamp der du krigar mot soldatane og dinosaurar, men der soldatane og dinosaurane også angrip kvarandre. Dinosaurane gir blanke i kven dei drep. Dei er aggressive kjøtetarar, og dei ser ikkje forskjell på deg og fiendane dine. Det du endar opp med, er eit vanvittig intenst kaos der det skjer noko på alle kantar. Det er alle mot alle, og du kan ikkje snu ryggen til noko, eller nokon.

Intenst møte med døden

Når små dinosaurar som raptorar angrip deg, blir du redd. Riktignok har vi kun fått sjå ein presentasjon, og ikkje sjølv fått ta del i moroa, men det er vanskeleg å ikkje bli imponert over måten Propaganda har visualisert spelet. Når ein raptor hoppar på deg, fell du i bakken, og igjen ser du alt frå utsida. Du trekk kniven automatisk, og du høgg mot beistet i panikk der du kan sjå glupske kjevar rive og slite i deg. Alt skjer så fort at ein kun handlar på instinkt. Noko liknande skjer i King Kong-spelet, men det kan ikkje samanliknast. I King Kong ser du animerte figurar som kjem mot deg, her er det levande dinosaurar som kjem for å ta livet av deg på den mest bestialske måten du kan tenke deg.

Raptorar er uansett ingenting samanlikna med ein enorm tyrannosaur. Å sjå dette enorme beistet storme fram frå skogen får deg til å hoppe litt i stolen. Ikkje berre på grunn av størrelsen, men også grunna den overbevisande animasjonen og den genuine råskapen i måten den angrip på. Den bevegar seg slik du forventar eit enormt beist på fleire tonn skal. Her dukkar eit anna kritisk element ved spelet opp. Ved å tenke smart kan du bruke dinosaurane som eit av dei kraftigaste våpena i spelet. Ved å lokke dinosaurane mot fienden, kan du oppnå to ting samtidig; at mange farlege hinder forsvinn, og at du sparar på ammunisjonen.

Les også
Anmeldelse: Turok

Vi fekk sjå ein måte å gjere dette på. Ved å skyte ei pil i hofta på tyrannosauren, brølte han, og såg rundt seg etter kven det var som var frekk nok til noko sånt. Til ditt store hell er det soldatane han ser først, og han stormar etter dei, grip dei med kjevane, og svelger dei glupsk.

Turok er framleis svært tidleg i utviklingsfasen, men det ser allereie på alle måtar spelbart ut. Gjennom ein avansert kunstig intelligens vil alle dinosaurar og fiendar reagere på handlingane dine, og på handlingane til kvarandre. Ein dinosaur vil ikkje berre angripe deg og andre soldatar. Kjøtetande dinosaurar vil også angripe planteetande dinosaurar, som også vil dukke opp i alle storleikar og fasongar.

Turok vil etter det vi kjenner til dukke opp i butikkane seint i 2007, og har potensiale til å bli eit vanvittig engasjerande spel, som på alle måtar kan bringe serien tilbake til dei høgdene den ein gong befant seg i.

Siste fra forsiden