Anmeldelse

Turok Evolution

Det var tidleg i 1997 at Turok for første gang blei sluppe laus på verda. Fem år og tallause oppfølgjarar seinare er det på tide erobre den siste generasjonen med konsollar. Det har vore hypa opp som det største som hittil har skjedd med konsollverda. Tusenvis av britar har til og med søkt om å få skifte namn til Turok, berre for å få nokre ekstra pund i lommeboka. Dette bør vere bra.

Side 1
Side 2
Side 3

Som å gå på togskinner
For å vere ein jungel så er skogområda i Turok svært tronge. Som regel vandrar du mellom høge fjellveggar og bratte stup. Dei stadane der skogen ser tilsynelatande open ut, kan du brått møte på ein vegg av blader som ikkje har tenkt til å sleppe deg gjennom. Dette fører til at Turok kanskje er litt for lineært for sitt eige beste til tider, for det er aldri tvil om at den vegen du skal gå er rett fram. Når nokre av bretta gjerne må spelast om igjen fordi du ikkje finn ei helsepakke akkurat når du treng det, kan det føre til at spelet blir kjedeleg. Du veit akkurat kvar ein fiende er, og kvar den neste vil dukke opp. Heldigvis er AIen så pass bra programmert at dette ikkje alltid er tilfelle. Om du legg deg til rette for å skyte med sniper-rifla på nokre fiendar eit stykke unna, kan det godt hende at nokon høyrer deg, og kjem springande.

Slike element er med på å gjere det lettare fordøyeleg å måtte spele eit brett fleire gongar. Det er likevel begrensa kor uforutsigbare fiendane kan vere, sidan du gjerne veit kvar dei kan kome frå. Noko som hindrar AIen i å overbevise er at den av og til gjer svært dumme ting. Sjølv om fiendane dine kryp ned på kne med henda i været til tider, så er det ikkje alltid at dei oppdagar at du plukkar ned nokon som står rett ved sidan av dei. Generelt sett så varierar Turok veldig i kvalitet. Nokre brett er bra designa, medan andre rett og slett er forferdeleg kjedelege. Det er og stor forskjell på vanskelegheitsgrada. Nokre brett er til å bli forbanna av, andre igjen er som å gå tur i parken. Eit av dei betre bretta er når du skal snike deg inn i ein fiendeleir for å befri nokre fanga allierte. Blir du fanga i lyset frå lyskastarane blir du oppdaga, og alarmen går.

Her må bruke ein kombinasjon av å snike deg fram, og å vere forberedt på å angrep. Det er på slike stadar at Turok strålar. Det blir til tider skikkeleg spennande og spelet får deg til å sitte på tåspissane. Morosame innslag som i ein bygning der du kan trykke på ein knapp for å sleppe fanga raptorar laus på uvitne slegs, trekker opp. Eit stykke ut i spelet begynner det derimot å blir farleg vanskeleg. Kva forventar du eigentleg, når det første du ser, og høyrer, er ein T-rex som har lunsj med ein brachiosaurus? Dette kadaveret burde eigentleg vere eit teikn på at pappa T-rex i dag er mett og ikkje bryr seg om små indianarar som spring rundt med sniper-rifle. Men nei, kjem du nær nok kan du forvente at nokon gjerne vil ta ein jafs av deg. To godt plasserte granatar burde ta hand om dette problemet.

I god tradisjon er det mange våpen å velje mellom. Sniper-rifla er ein klar favoritt, sidan det er ei fryd å sjå hovudet til ein sleg eksplodere etter eit velplassert skot. Sniper-rifla er ikkje alltid like grei å ha med å gjere. Som eit innslag av realisme står ikkje sikte heilt i ro, og det kan vere lett å bomme på fiendar langt vekke. Dette gjer sniper funksjonen litt poenglaus i visse situasjonar, sidan du kan slå på auto-aim og treffe uansett om du siktar nøyaktig nok. Eit anna fint våpen er edderkoppen. Edderkoppen er ein liten robotedderkopp som du kan styre sjølv. Du ser frå "auga" til edderkoppen, og kan springe rundt og leite fram fiendar, for å lokke dei til å følje etter deg. Eller du kan detonere ei bombe, eller spreie giftige gassar.

Eit av dei tidlegaste våpna du får er og eit av dei mest praktisk, bua. Med sine eksplosive piler kan du ta ut mange slegs på same tid. Ammunisjon er ikkje eit stort problem i Turok. Det ligg helsepakkar og ammunisjon strødd overalt på dei forskjellige bretta. Så om du føler at helsenivået ditt er på veg nedover, er det berre å spring tilbake og plukke opp nokre du ikkje hadde behov for tidlegare. Det er berre så synd at helsepakkar av og til ligg strødd over lange strekningar der du ikkje møter noko motstand, og når du først hamnar i kamp finn du ingen. Av og til er det berre å gi opp når du kjem utan ammo og helse til slutten av dei bane der ei lita hær ventar på deg.

Side 1
Side 2
Side 3

Siste fra forsiden