Anmeldelse

Turok Evolution

Det var tidleg i 1997 at Turok for første gang blei sluppe laus på verda. Fem år og tallause oppfølgjarar seinare er det på tide erobre den siste generasjonen med konsollar. Det har vore hypa opp som det største som hittil har skjedd med konsollverda. Tusenvis av britar har til og med søkt om å få skifte namn til Turok, berre for å få nokre ekstra pund i lommeboka. Dette bør vere bra.

Side 1
Side 2
Side 3

For lite lyd
Acclaim hevdar at atmosfæriske lydar er stappa inn overalt slik at du skal leve deg meir inn i verda. Dette stiller eg eit stort spørsmålsteikn ved. Bortsett frå musikken som faktisk er ganske bra, med unntak av at den same melodien går om og om igjen, er det ikkje mykje du legg merke til. Dinosaurane gryntar og snøftar, og våpna lagar heilt greie lydar, men det er ingenting som imponerar. Det er meir mangel på lyd, enn overflod. Når du går gjennom jungelen hadde små detaljar som fuglekvitter gjort mykje for å auke realismen. I tillegg høyrest dialogen ut som om den er tatt opp gjennom eit langt røyr, og har ein stygg og unaturleg klang.

Konklusjon
Trass i sine openbare feil, vil nok ikkje Turok fans bli skuffa. Det er nok av våpen og brett her til å halde det gåande ei god stund. Om ein skal dømme det etter alle dei skyhøge forventningane som var skapt før lanseringa, er dette ein stor skuffelse. Turok fører heller ingenting nytt til ein allereie metta sjanger. Om du ikkje har eit spesielt forhold til Turok er der mange spel som er mykje betre.

Side 1
Side 2
Side 3

Siste fra forsiden