Turtles er endeleg tilbake

Det er på tide å slipe katanaen og pugge kunstnarnamn.

Dei fleste som var relativt unge på seint 80-tal og tidleg 90-tal har eit ømt punkt for alt som har med skjelpadder å gjere. Teenage Mutant Ninja Turtles herja så godt som heile verda med filmar, teikneseriar og ei lang rekke herlege leikety som strengt tatt bør ha krydra dei fleste barnerom.

Turtles har aldri forsvunne heilt, men populariteten til serien er langt frå kva den ein gong var. Med jamne mellomrom får vi likevel eitt og anna nytt spel, og ved sidan av ein film Michael Bay jobbar med, fekk skjelpaddene ein nye animert TV-serie på Nickelodeon i fjor.

Slik ser Turtles ut på Nickelodeon.
Slik ser Turtles ut på Nickelodeon.

Denne serien brukar Red Fly Studios no som inspirasjon for å lage eit nytt Turtles-spel, fortel Digital Spy. Teenage Mutant Ninja Turtles: Out of the Shadows blir eit actionspel med fokus på komboangrep, og vil la deg spele saman med andre via nettet.

Sjølv om spelet er basert på Nickelodeon-serien med same namn, er det ikkje mykje med det nye spelet som vekkjer umiddelbar gjenkjenning. Red Fly Studios har valt det dei kallar ein hyperrealistisk stil, noko som er ein skarp kontrast til den fargerike og teikneserieaktige stilen til TV-serien. Du kan sjå sjølv i traileren nedanfor.

Red Fly Studios har tidligere utviklet Wii-utgaver av Star Wars: The Unleashed II, Ghostbusters: The Video Game og Mushroom Men: The Spore Wars.

Les også: Anmeldelse: Teenage Mutant Ninja Turtles Smash Up
Les også: Anmeldelse: Metal Gear Rising: Revengeance

Teenage Mutant Ninja Turtles: Out of the Shadows blir tilgjengeleg via PlayStation Network, Xbox Live Arcade og Steam til sommaren.

Kommentarer (26)

Forsiden akkurat nå

Til toppen